tirsdag 11. februar 2014

Ny strikkemåte

Tusen takk til alle dåke som ser innom mine handarbeidsbloggar. Eg plukkar på, sjølv om det innimellom går litt i bølgjer med innsatsen. Ønskjer dåke ein fin dag!

Å prøva nye ting er noko som eg lett lar meg freiste til, og ein draum har vore å prøve meg på å strikke på maskin. Å kjøpa brukt maskin her ikkje vore så enkelt, dei er ofte dyre. Men med gode vener ordnar det seg. Sølvi har vore så grei at ho har låna meg si maskin, og med å bytta ein slitedel er eg no i gang. Det vil seia, det vert nok å rykka tilbake til start innimellom. I husflidslaget har vi ei kreativ og særs hjelpsom dame, ho er mentor og inspirator for dette prosjektet mitt.

Men no har eg klart å fullføra det første prosjektet mitt, og det er eg litt kry for. Eit trekantsjal til veslegullet som skal byrja i barnehage 1. mars. 2 restar med babygarn vart til dette sjalet.

Nye tøfler trengte også den vesle prinsessa vår, og eg prøvde meg på eit par nye tovetøflar etter oppskrifta til Marte Helgetun som eg har strikka før. Denne gangen brukte eg Ask Hifa 2 frå Hillesvåg ullvarefabrikk. Dessverre vart dei litt store, men då vil dei passe til hausten. Har derfor ikkje somla meg til å ta på latex under foten, men det er planen. Så då får eg prøve meg på eit anna par som kan bli passeleg no. Har ein ide som ligg på vent, så det får eg komma tilbake til.
Innimellom må eg ty til litt labbestrikking. Då vart 100 gram Fotnote frå Mauds garn til desse to para med labbar. Deilig garn av 70 % merino superwash, 15 % silke og 15 % bambus.
I tillegg held eg på med eit evighetsarbeid, men det skal dåke få ein titt poå ein annan dag.

4 kommentarer:

  1. Strikkemaskin har eg aldri vore borti, høyres kjekt ut, og det blei eit nydeleg sjal med eit flott mønster og fargekombinasjon:) Tøflene var veldig fine, ask garnet blir herleg og mjukt når det toves. Lykke til med neste par! Gode sokker og :)

    SvarSlett
  2. Flink du som setter deg inn i motoriske saker! Eg har ein manuell strikkemaskin, ein stad og to i huset. Lenge si eg prøvde noko på den...... kansje med litt meir inspirasjon''??? ;) Flotte sokkar, tøflar og trekantsjal du har fått til. Elske den støvlilla fargen!!

    SvarSlett
  3. KNALLFINT sjal, Åshild!! Du er jo en racer fra første stund :)
    Skjønne tøfler og kjekke labber du har strikket også!

    SvarSlett
  4. Så skjønt et sjal Åshild :) dette kan du - ingen tvil. Kjempesøte tøfler og strømper også, Hva evighetsarbeid holder du på med no da tru? Snakker om å gjøre oss nysgjerrige :) kanskje jeg får snoke meg litt rundtomkring torsdagen? hihi.... :)

    SvarSlett