torsdag 21. august 2014

Vottar etter dårleg mønster!

Eg heng framleis litt igjen i ferien, eg. Garnpakkinga gjekk litt fort for seg, men eg hadde med litt garn som eg hadde tenkt å strikke vottar av. Eit mønsterhefte tok eg og med, synest vottane i heftet såg fine ut! Skulle bruke heftet til noko anna og, så då skulle det bli litt mindre å dra på.
Men etter å starta på dei første vottane angra eg sterkt på at eg ikkje hadde tatt med andre vottemønstre og! For dette var ikkje mønster av ein slik kvalitet som eg pleier bruke. Utydeleg kor dei tenkte tommelen skulle vera. Dette var ikkje avmerka på rutemønsteret. Teksten sa" når du er ferdig å auke til tommel". Det var for kort! så eg måtte strikke nokre omgangar til. Det var heller ikkje sagt noko om kva mønster som skulle vera på innsida av tommelen. Heldigvis er eg ein rutinert vottestrikkar, så vottane vart ikkje så verst når dei vart ferdig.
Desse vottane skal vera til ein nabo som ser litt etter eigedomen når vi fer å fartar i mange veker. Dei er strikka i Embla - Hifa 3 frå Hillesvåg på p 3,5 mm. Eg la opp til damestørrelse og det vart ein medium herrestørrelse. Mønsteret heiter Hakadal
Desse barnevottane er og strikka etter eit mønster i same heftet. Størrelsen var oppgitt som barn - uten nærare informasjon. Dei skulle strikkast på p 3 i Sisu. Eg har strikka desse på p 3 og Hjerte superwashgarn frå Hillesvåg. Størrelsen er vel ca 4 år. Litt tullete at det ikkje er meir nøyaktig informasjon i eit mønster. Det er jo tross alt stor skilnad på hendene til ein 2 åring og ei på 10 år? Avstanden frå brotet til tommel var og kort på desse, så eg måtte strikke nokre ekstra omg der.
Alonger er kjekt, og "Styrbord og babord" var ein kjekk along der vi strikka flotte maritime strikkelabbar. Bakdelen var at eg kjøpte inn 4 nøster sisu, og hadde ganske mykje garn igjen. Denne posen putta eg opp i strikkekorga. No er eg kvitt det garnet og i staden har eg eit par grøne barnelabbar og eit par damelabbar str 37. Tilsaman veg dei 108 gr og garnrestane var redusert til ca 2,5 meter som gjekk i bosset.

I dag er det torsdag og snart helg igjen. Ønskjer dåke so ser innom ei riktig god helg!


5 kommentarer:

  1. Mykje ein må tenka på når ein kjøpe seg mønster!!! Utgjevar må ha rekna med at strikkarane kan sitt fag?? Du har fått til fine vottar og sokkar- ingen tvil om du klarte brasene. God å berekna garnmengda og ;)

    SvarSlett
  2. Du fekk til nydelege votter! Det er ikkje alltid mønstra er like bra, då er det greit å vera ein rutinert strikkar ;) Gode sokkar og, kjekt å bli kvitt restegarn!

    SvarSlett
  3. Det er godt å være rutinert noen ganger. Jeg hadde sikkert fått problemer her for jeg er ikke noen vottestrikker. Kanskje en gang.....
    Flotte sokker ble det og av restegarnet.
    Ønsker deg en fin helg.

    SvarSlett
  4. Godt å "kunne sitt fag", Åshild :) Da får man så pene votter som det du viser oss her!
    Jeg har stor respekt for de som klarer å få noe fint ut av restegarnet sitt. Tenk å sitte med to flotte par sokker i stedet for restegarn stuet vekk et eller annet sted...

    SvarSlett
  5. Ja du er flink du Åshild - kunne vært en annen som har irritert seg grønn over slike mønstre som er dårlig forklart. Sånt er kjedelig å prøve lese, forstå - og iallefall når en er litt ivrig attpåtil. Kjempefine votter og sokker har du i allefall fått til :) krymper i restgarnet ser jeg - prøver her også ;)

    SvarSlett