onsdag 3. august 2016

Litt klompelompestrikk

Eg er gjerne litt treg av meg, i alle fall nokre gonger. Denne gangen er det å strikka frå boka 
"Klompelompe" eg tenker på. Men når svigerdatter vår viste meg eit sett ho likte ekstra godt og ønskte seg til det nye barnebarnet som er venta. Tilfeldigheten vil og at ei kjær venninne strikka nett den jakka som gåve til den vesle, og då var valget lett for meg. Eg kjøpte inn garn til bukse og hue. Boka var eg heldig å få låne. Og ja det vart ikkje berre ei, men 2 huer i ulik storleik.


Her er buksa og huene strikka i Lana Grossa Cool Woll. buksa er etter mønsteret 
"Go-Klompen-bukse" og hua er ei "Pilotlue" strikka med samme reliefmønster 
som på buksa og jakken. Den største hua manglar knappar, men det er no nokre 
veker til den er passe stor.


Den minste hua passa bra. Synes den vart fin på den flotte guten. 
Her er han 6 veker gammal.


Og til sist eit bilde av begge to, det kom ei lita "linselus" og ville vera med. 
Rart eg er glad i og stolt av desse to!