lørdag 21. april 2018

Restestrikk i ferien

Å pakke strikkeveska til ferien, og då snakķar eg om 4 veker eller meir, blir gjort med litt planlegging og litt på impuls hos meg. Må tilstå at det er betydeleg omfang på veska, sydd etter mål for å kunne plasserast under eit sete i bobilen der det var egna plass for ho. Det ho oftast inneheld er:
  • strikkepinnar som eg trur eg får bruk for saman med anna nødvendig strikkeutstyr 
  • garn til planlagde prosjekt, det vil seie to genserar til meg sjøl. Dei skal eg komma tilbake til i ein seinare blogg. 
  • litt restegarn som eg kunne tenkt meg å nytta. 
  • litt garn frå kjøp eg angrar på får og vera med. 
  • gjerne noko garn som eg har kjøpt fordi det berre lokka på meg, ekstra lekker kvalitet eller farge. 
 No har vi vore vekke i vel fire veker, temperaturane og veret har skifta, så utelivet har vore litt begrensa. For meg, som må ha noko i fingrane, vart det mykje tid til strikking.


Av garn som eg synest er nydelig har eg strikka eit sjal. Var i utgangspunktet tenkt å strikke trekantsjal, men det vart eit langt i rillestrikk. Garnet er handfarga merino, Zitron Blickfang, eit garn som kom til sin rett i rillestrikking på pinne nr 6. Dette er eit garn eg har kjøpt i Kappeln, Tyskland for fleire år sidan og godt å få brukt.


Restar nok til eit par vottar, Dale Falk, var oppi ein liten pose. Mønsteret er eit gratismønster frå Sandnes. Eigentleg er mønsteret til kjærastevottar, men hos meg vart det ein liten damevott.


I ein pose var det fire restar med Rauma PT 5, det rakk akkuret til vottar str 3 år og to par labbar skostørrelse 29 og 36.


Eit liten rest med tynt labbegarn vart til eit par barnelabbar str 24. Her har eg notert meg ned både masketal og mål, slike restar er det alltid godt å nytta. Dette er garn med 420 m /100 gr, så det er gode labbar oppi små sko.


I haust var eg på fabrikkutsalet til Solberg spinneri. Der fall eg for fristelsen til å kjøpe Schchenmayr Bambino bomullsgarn. Det gjer eg nok ikkje igjen, synest garnet delte seg lett og var veldig statisk. No er eg fornøyd med neg sjølv, garnet er strikka opp i klutar og er komme til nytte.


Og til slutt eit bilde for korleis eg håpar neste ferie blir, det er vel dette som er draumen, kunne sitje ute i sola med strikketøyet. Håpar vi alle får mange slike dagar framover! 😊



søndag 25. mars 2018

Xstatic for me - genser med innstrikka ermer.

Eg likar så godt gensere med isatt arm,  og kan dei strikkast frå toppen og ned 
er det supert. Då er det lite montering og at på til kan ein tilpasse størrelsen 
etter kvart som arbeidet glir framover.
Denne gangen har eg valgt eit mønster av Isabell Kraemer, kjøpt på Ravelry, med framgangsmåten "continguous set-in-sleeves". Mønsteret kan kjøpast HER. Designeren har fleire fine modellar.
Denne framgangsmåten gircei litt skrå skulder, men etter vask så er genseren 
fin på. Dessverre vokste genseren litt i vask, og går litt ut i bruk, men den er behageleg i bruk. Skylda for det må eg legge på garnvalget, Malabrigo Silky Merino.
Designeren har laga ein ny vri på avfellinga, den gav ei fin avslutning. 
Halsutringinga er kledeleg, litt open.
Strukturmønsteret er og med å gir liv til dei glatte partia. Vil 
anbefale framgangsmåten i dette mønsteret, det har gode forklaringar. 
Mønsteret er på engelsk.

fredag 23. mars 2018

Damejakka Trudilutt - teststrikking.

Pinneguri er ei av mine favorittdesignarar, ho lager mønster med god passform til både liten og stor. Fleire av hennar design er blant mine favorittjakker.

Denne gongen har eg fått teststrikka Damejakka Trudilutt, ho byggjer på same leist som barnejakka Trudilutt. Den teststrikka eg i fjor før mønstetet vart publisert i bladet Garn. Mønsteret til Damejakka Trudilutt kjem i salg på Ravelry etter påske, så det du får her er ein sniktitt av ein av vårens nyheiter.

Denne jakka er strikka i Rauma Finull på pinne 2,5 og 3 mm. Det kjekke er at det ikkje er så lange trådspenn at trådane må tvinnast, med unntak av litt rundt dei store rosene då. I følgje Pinneguri har ho har funne inspirasjon i boka Selbuvotter av Anne Bårdsgård.

Her er ryggen på jakka, med rosene slik eg har plassert dei. Det morosame her er at strikkaren sjølv plasserer dei store rosene, det vil gje litt variasjon i korleis dei kjem til å bli. Men rosene på albogane finn ein mål på korleis dei kan plasserast.

Denne gongen har eg montert jakka med band over klippekanten, det kjem eg gjerne til å gjera igjen. Vil kanskje då bruke eit litt stramare band, det bølga seg litt denne gangen.

Dersom du er interessert i Pinneguri sine design finn du dei på HER på Ravelry. Denne jakkka er dei mi gode, kjekke nabo som skal bruka, eg håper ho vil få stor glede av ho.

Til slutt ein stor takk til deg som ser innom bloggen, ja til og med legg igjen ei helsing. Eg ønskjer dåke alle ei god påske! Håper våren melder sin ankomst desse ftidagane.

tirsdag 13. mars 2018

Huer - lette arbeid på pinnane

Av og til er det kjekt å ha eit litt lettare arbeid på pinnane. Då tyr eg gjerne til huer, både av det lettstrikka og krevjande slaget. Dette kan vera restestrikk og bilstrikk eller kanskje som fordjupning i ein teknikk.

Som fordjupning har eg strikka ei hue i brioche, dette som oppfølging av sjalet eg viste i ein blogg tidlegare. Dette er ei hue designa av Raina K og heiter Hearts in Head. Link til mønsteret på Ravelry finn du her.


Hua er strikka i Cool Wool Merinowolle på pinne 3 mm. Det er kjekt med huer i brioche, dei kan snuast og brukast med begge sider ut. Det blir nesten som to huer i ei.

Denne sida er strikka som retta.

Men kanskje er ho like fin med denne sida ut? Det får den som ein gong skal bruke huo bestemme.

Ei anna hue som er kjekk å strikke er JC - lue. Dette oppskrifta er og på norsk, oppskrifta kan du finna her. Denne er strikka i ein rest Hjertegarn frå Hillesvåg på pinne 2.5 mm. Dettever den tredje hua av same slaget i vinter, populære herrehuer som sitt godt på hovudet.


tirsdag 20. februar 2018

Stripes Ahoy!

No lengtar eg etter vår og varmare tider. Eit vær som gjer at det er råd for meg å være litt ute og. Ein lett marineinspirert sommergenser kan vera kledeleg då. I mine tøler hadde eg ein rest marineblå silkeuld frå Henrichsens uldspinneri i Skive, Danmark og to hesper Silkeull frå nøstebarn. Å strikke frå halsen og nedover er alltid kjekt når garnet er begrensa, men må tilstå eg kjøpte 50 gr meir med ubleika garn. 

Mønster fann eg på Ravelry, designeren Åsa Tricosa har ein framgangsmåte på å strikke "isett arm" uten å kutte tråden. Ho har mange fine design, så kanskje det kan bli fleire mønster herifrå med tida. På bildene såg dette flott ut og mønster til Stripes Ahoy! vart kjøpt. Å strikke etter engelsk oppskrift går no lett. Øving var det som skulle til.
Slik vart min genser. Eit lett plagg som berre veg 250 gr.
Og skuldertilpassinga er super. Den har ei god passform både på skulder, arm og bol.
Så då er det berre å vente på varmare tider! Ute ligg det tjukt med rim og dei truer med snø og slaps og! 

Tusen takk til alle dåke som såg innom den førre bloggen min. 
Det sette eg stor pris på!

søndag 18. februar 2018

Brioche - ein ny strikketeknikk å utforske

Lenge sidan eg har blogga no, det har liksom berre blitt med tanken. Ikkje det at eg ikkje har kosa meg med håndarbeid, men det har liksom ikkje blitt vist fram her. No har eg byrja utforske ein ny teknikk sammen med to strikkevenninner, og den må eg absolutt vise fram. I tillegg har eg fått nytt nett-brett som må utforskast.
To strikkebøker om teknikken er kjøpt, heldigvis er "strikkeengelsken" meir på plass enn vanlig engelsk. Desse to bøkene inneheld stor variasjon i teknikkar og mønster. Mykje å læra for meg, som i følgje datter vår, er ein strikkenerd.
Men nye teknikkar krev og å laga prøvelapp, noko som eg som regel hopper glatt over. Denne gangen strikka eg opp resten eg tok til formålet. Det var rett og slett moro, til og med å strikke denne.

Neste prosjekt vårt eit kast, strikka i wollmeise pure, ei hespe turkis og ei hespe fleirfarga. Mønsteret er Peacocks pride-shawl av Raina K. Mønsteret fann eg på Ravelry.
Teknikken er tidkrevjnde, men absolutt gjennomførbart. Her vises forskjellen som er mellom tette og vranga.
Slik er sjalet framme.
Bak er sjalet tverr nede med to aukingar frå halsen og ut mot skuldrene. Det er nok litt stort til å bruke inni jakker, men vil bli deilig over skuldrene ein sommerkveld.

fredag 3. mars 2017

Dilla på tantulltussockor

Rett over nyttår vart eg gjort merksam på ei sokkebok på Instagram. Det var Pinneguri som viste fram nokre nydelege sokkar og inviterte til samstrikk i 2017. Eit par Tantulltussockor for månaden. Det skulle bli 12 par i løpet av året. Og samstrikk det er gøy, er nok litt hekta på det eg.
Dette er boka som vart vist fram, den vart øyeblikkelig bestilt rett frå forfattaren, og med personleg helsing på kjøpet. Boka kan bestillast her. Med 27 ulike design, som freista alle sammen, var det vanskelig å vite kva eg skulle starte med. Men først måtte eg finne fram eigna garn. Ein plastboks med 550 gr Hjertegarn 4 sock fordelt på 6 ulike fargar kom opp i strikkekorga.
Første par ut var Molly
Neste par ut var Clara Sofia Saltflinga
og så Flower Power. No var eg komen så godt i gang at eg fann ut 
resten av garnet skulle bli til labbar
Deretter følgde Lemonad
og Uffe
Det begynte å minke på garnet og stripesokkane Tutti Frutti 
vart då eit naturlig valg.
Siste par ut i denne omgang er Barbro
Og enda vart det litt garn igjen som kunne brukast til eit par stripete barnelabbar. 
Ved siden av ligg restane av 550 gram sokkegarn, så denne gangen fekk eg god 
utnytting av sokkegarnet. Alltid kjekt å nytte garnet fullt ut, og den tomme
 plastboksen har alt fått nytt innhald. 
Her er alle para samla i korga som var halvfull av garn då eg starta. Enda har eg 
mange fleire sokkepar eg vil strikke, men no trur eg det vert litt anna først. 
Men som du ser er denne boka ein stor sokkeskatt!
Til slutt 2 par barnelabbar strikka på bestilling til 2 nabojenter. 
Dei er strikka i Lana Grossa Meilenweit.

Tusen takk for du har sett innom bloggen min. Håper eg har freista deg til å sjå nærare på 
boka #Tantulltussockor av Anna Bergman. Fleire bilder finn du og på Instagram med 
emneknag #tantulltussockor.