Nye bekjentskaper er alltid spennande og samtalane kan fort komme inn på kva vi likar å halda på med. Eg var så heldig å verta kjent med May Helen Bleie. Ei flott og kreativ jente som det er ein fryd å vera saman med. At ho er knapt halvparten så gammal som meg er uvesentleg når samtalen glir lett.
May Helen lagar smykker i sølv under merket Zilver-Neckless, blant anna så formar ho om sølvbestikk til lekre smykker. Eksempel på dette finn du på heimesida hennar eller på facebook.
Eg var frampå og lurte på om ho hadde prøvd seg på å laga knappar av gamle myntar. Slike knappar synes eg høyres flotte ut, og eg kunne godt tenkt meg nokre slike. Vi snakka litt fram og tilbake om fasong og påsying, kva som ville vera beste løysinga. Så kom helga og vi tok fri!
Men det vil vel vera feil å seie at May Helen hadde tatt fri? For mandag morgon fekk ei fin lita øskje som det klirra i når eg løfta på ho. Øskja skjulte ein skatt, 22 knappar av gamle myntar, blanke og fine, klar til å syast i eit plagg som dei passar på.
25-øringar, 10-øringar, 2-øringar og 1-øringar, blanke og med flotte detaljar slik myntane var før i tida. På undersida er det lodda på fine auge i sølv til å sy knappane fast med. Mange prosessar skal fullførast før resultatet vert slik som dette.
Det er mange strikkeplagg som vil kunne kle slike knappar. Eg er enno på planleggingsstadiet kva eg skal bruke mine til.
Men ønskjer du deg slike knappar av myntar du har liggande i tølene dine eller kanskje du vil kjøpe knappar? Då må du ta kontakt med May Helen med å klikke på ei av linkane lenger oppe i teksten.
Sjølv ønska ho seg rosa og svarte selbuvottar hos meg, før ho starta med knappeproduksjonen. Første knappen som er sydd fast er no sydd på den høgre votten hennar. med ei hempe på den venstre kan ho knappe saman vottane slik at dei held saman slik par skal!
Til slutt eit lite tankekors. Familiens 9-åring stod og betrakta knappane. Eg tok opp ein 1-øring og fortalde at om vi hadde 100 slike så kunne vi få veksle dei i ei krone. Slike småmyntar er jo heilt ukjente for dagens born.
ååå, men du er heldig!! Så flotte knappar! Spørs om eg ikkje må grave fram nokre gøymde skattar og få laga slike. Vottane er og flotte, Åshild! Gøy med spenstig fargevalg.
SvarSlettSå kjekt å lesa, og alderen betyr ingen ting når ein finn tonen! Slike myntknappar har eg sett på og ønska meg, du var heldig som fekk så mange flotte knappar. Veldig lurt å bruka ein på votteparet, dei var fine i flotte fargar!
SvarSlettSå fine knapper Åshild - og koselig blogg å lese :) jeg har jo et stort glas oppi hytta med 10-øringer og div, gamle pokerpenger etter far ;) kanskje jeg skal...? Ville vært fint og hatt slike knapper. Skjønne vanter har du også laget - artig med nye bekjentskaper :)
SvarSlett