tirsdag 13. mars 2018

Huer - lette arbeid på pinnane

Av og til er det kjekt å ha eit litt lettare arbeid på pinnane. Då tyr eg gjerne til huer, både av det lettstrikka og krevjande slaget. Dette kan vera restestrikk og bilstrikk eller kanskje som fordjupning i ein teknikk.

Som fordjupning har eg strikka ei hue i brioche, dette som oppfølging av sjalet eg viste i ein blogg tidlegare. Dette er ei hue designa av Raina K og heiter Hearts in Head. Link til mønsteret på Ravelry finn du her.


Hua er strikka i Cool Wool Merinowolle på pinne 3 mm. Det er kjekt med huer i brioche, dei kan snuast og brukast med begge sider ut. Det blir nesten som to huer i ei.

Denne sida er strikka som retta.

Men kanskje er ho like fin med denne sida ut? Det får den som ein gong skal bruke huo bestemme.

Ei anna hue som er kjekk å strikke er JC - lue. Dette oppskrifta er og på norsk, oppskrifta kan du finna her. Denne er strikka i ein rest Hjertegarn frå Hillesvåg på pinne 2.5 mm. Dettever den tredje hua av same slaget i vinter, populære herrehuer som sitt godt på hovudet.


5 kommentarer:

  1. Liker veldig godt slikt mønster. Må visst ha eit treff og få innføring i briochemønster. Eg kjøpte og printa ut eit mønster på engelsk. Har ikkje sett meg heilt inni det, men såg veldig avansert ut. I alle fall lekre luer det blir. Og JC-lua, om den er enklare.

    SvarSlett
    Svar
    1. beklager alle feilformuleringar

      Slett
    2. Hadde vore kjekt med eit strikketreff, lenge sidan no 😉. Då kunne vi godt sett på brioche. Takk for kommentar.

      Slett
  2. Brioche lua er så veldig fint :-)) Jeg må prøve en gang :-)))
    Og jeg må strikke en lua i brioche og to farger... for meg :-))
    Så fantastisk begge sider.
    Hilsen til deg. Helgen vi har hatt våren, men lørdag kommer frost igjen.
    God kveld. Viola

    SvarSlett
  3. Kjempefine luer du har laget Åshild - uansett teknikk, så tryller du frem det meste ;)

    SvarSlett