mandag 29. oktober 2012

Oppbevaring av magebelter

Å veta kva garn er laga av og kva det er brukt til er viktig. Dei fleste garn har på seg magebelte eller lapp der det står om garnet. Her finn ein og korleis eit plagg skal stellast, strikkefastleik, kva det inneheld, antall meter mm.

Som regel heng eg med eit slikt magebelte på eit plagg når eg gjev det bort for å sikre at mottakar får denne informasjonen. Men sjølvsagt hender det at både dei og eg lurer på korleis plagget skal stellast? Å stole på at eg skal hugse slikt har efg funne ut er "toppen av optimisme".

 
No har eg funne mi løysing på dette. Eg har kjøpt meg eit fotoalbum på europris med plastlommer. Her skriv eg inn litt informasjon, gjerne kor mykje garn eg har brukt, om eg likte garnet, kor det er kjøpt ol.
 
 
Så no vonar eg og trur eg skal klare å halda betre oversikt. Men det er det vel berre tida som vil vise?

4 kommentarer:

  1. Å så lurt!!! Eg er så elendig på slike ting, men dette var jo ei genial løysing! Tusen takk for tips!

    SvarSlett
  2. Så bra! Dette må eg prøva :)

    SvarSlett
  3. Smart idé. Lurt med egne kommentarer, vi, ihvertfall jeg, glemmer så fort.

    SvarSlett