tirsdag 15. januar 2013

Litt småstrikk

Året har starta med litt småstrikk. Etter å ha gjort ferdig det store teppet i førre blogg, måtte eg ha noko lettare på nevane. Eit par labbar er ferdige, den eine strikka i romjula, den andre no på nyåret. Desse labbane er strikka i Opal Hundertwasser, 425 meter/ 100 gr på pinne nr 2,5.

Fargane på dette garnet får meg i godt humør, fargeskifta gir flott stripemønster. Her måtte eg rekke av 2 meter for å få likt mønster på begge labbane. Oppe i mitt hovud må det helst vera slik. Veit eg kanskje er litt sær på det området.

Barnebarnet ønska seg og ein liten pose til å ha rundt halsen med iPod touch'en i. Litt vimsete, slik 8-åringane ofte er, kan det vera lett for at den går i golvet med eit brak. Jenta har sjølv plukka ut garn og knappar og bestemt korleis den skal sjå ut.

Det er ei særs nøgd jente som set pris på bestemor sine strikkerier der ho ser noko spennande på TV!

3 kommentarer:

  1. Friske sokker og fin pose til Ipoden. Veldig greit når bestemor kan fiksa det i ein fei ;)
    Eg er akkurat lik deg, greier ikkje strikka to forskjellige sokkar ;)

    SvarSlett
  2. Her var det småstrikk ja, fine strikkerier og freshe farver :)

    SvarSlett
  3. Ble inspirert av sokkene dine, og har funnet frem fargesprakende restegarn til votter. De skal sannelig stråle sånn som sokkene dine!
    Det trengs i denne tida da vi ikke ser så mye til sola.

    SvarSlett