søndag 24. februar 2013

Camilla, eit flott namn på desse labbane!


Eg har vore med på Bittami sin "rødstrømpealong" og har strikka desse labbane etter det flotte mønsteret som ho har delt med oss som deltok. Målet er at alle skal vera ferdig med labbane og bruke dei på kvinnedagen 8. mars.

Labbane har Bittami gitt namnet Camilla etter Camilla Collett. Ei beundringsverdig kvinnesakskvinne som vart fødd for 200 år sidan. Det må eg sei er eit namn som høver svært godt!

Mønsteret fekk vi i 5 delar, og då krev det tolmod å vente på neste del. Var klar med pinnane til kvar ny mønsterdel, utolmodig som eg kan vera når det gjeld slike ting.







Eg har strikka labbane i eit garn eg fekk frå Zirkona våren 2012 når dei var på "garnvandring" her i Bergen. Garnet har ho farga sjølv og har nokre herlege sjateringar.

Det såg ut som det kunne verta litt knapt med garn, så helen strikka eg i ein og ein halv tråd av sisu. Prøvde først med både enkelt og dobbelt garn, men vart ikkje heilt fornøyd. Løysinga då vart å dele den eine slik at garnet vart 6-delt. Helen vart også litt forsterka då, så det kan kanskje forlenge levetida. Som de ser vart det ein haug med avrevne fibrar som hamna i bosset.



4 kommentarer:

  1. For eit tolmod og kjempebra resultat!! Eg tenker på jordbærslush, når eg ser desse fargane. Med andre ord- herlege!

    SvarSlett
  2. Så nydelige! Helt herlige farver og mønster :)

    SvarSlett
  3. Nydelig- både til sokkene og til garnet de er strikket av.

    SvarSlett
  4. Flotte sokker! Mønsteret er nydelig og fargene på garnet passet helt utmerket.

    SvarSlett