søndag 14. april 2013

Selbu-vottar

På vevgruppa på torsdag fekk eg vist eit vottemønster dei meinte det var feil på. Då kjem inspirasjonen til meg, for eg synest mønsteret såg heilt OK ut. Det er då berre ein ting å gjera, pakke garn, pinnar og mønster i strikkeveska som skal med på bubiltur i helga.

Garnet eg hadde som kunne eigne seg var Embla, 3-lagt garn frå Hillesvåg. Dette vert tette og gode vottar i bruk. Kanskje ikkje tå dei mest slitesterke, men det får våge seg!
Fargane vart sauesvart og raudt. Dette forrådet i skapet kan eg nemleg tenke meg å redusere litt på. Strikkinga gjekk lett, kunne ikkje finna noko feil eg. Vottar og mønster må nok med på neste vevgruppe for å finna ut kva vi har oppfatta forskjellig. For her kan det vera fleire løysingar, eg kan lese mønsteret med harelabb og strikke på gamal rutine. Eller kanskje det ligg ei dårleg forklaring bak? Samde pleier vi alltid å verta og det vert vi nok no og.



Størrelsen på vottane vart ein medium herrestørrelse, mønsteret tilsa dei skulle passe ei dame. Men ulikt garn gir gjerne slike overraskingarEg har også klart å slå to fluger i ein smekk, for eg var komen litt på etterskudd i Projo sin vottealong. Oppgåva i mars var å strikke vottar med åttebladroser, og no er dei ferdige og komen i albumet. Men april har eg igjen..... men dei må nok vente litt.

2 kommentarer:

  1. Kjekt med utfordringar! Flott resultat du har strikka iallefall. Sanquhar, tar vel ein del av tida di og nå?? Men, kjenne meg at i alt ein har lyst å strikka og idear som står i kø!

    SvarSlett
  2. Ingenting er bedre enn at mønsteret stemmer :)
    Kanskje vi andre så oss blinde på problemet?
    Skal bli spennende å se hva vi har tolket ulikt!

    SvarSlett