onsdag 21. august 2013

Tunika i meisegarn!

Då vi var på tur til Trondheim såg eg eit mønster eg berre fall for, ein nydeleg tunika, i Familien nr 10/2013. Tankane kverna rundt, den tunikaen måtte eg berre ha! Sølvi var snill og lånte meg mønster, og på lager hadde eg DK frå Wollmeise. Hadde kjøpt 4 hesper på 200 gr kvar, fann ut at det skulle vera nok til denne modellen. Fargen heiter Lapislazuli og er ganske djup og kald i fargen.

Eg starta på dette prodjektet i vår, og har strikka på det samstundes som eg og har ei jakke på pinnane. Dette er vel omtrent så langt eg var komen då ferien byrja i midten av juli. Resten vart feriestrikk i bubilen.

Som alltid når eg finn eit mønster eg likar må det gjere endringar under vegs. Strikkefastleiken var ikkje lik på garnet eg brukte og det i mønsteret, måtte leggja opp litt fleire masker. Det skulle vera to ulike mønsterstriper oppover bolen, ei flette og eit med riller og rette masker. Fletta var fin, men eg synest den andre var litt kompakt. Den bytta eg ut med eit holmønster som gjer eit litt mindre kompakt uttrykk. Oppdelinga i felt gjer at tunikaen fell veldig fint, tråden er det også godt fall i.

Fletta øverst skulle strikkast for seg å syast på. Må tilstå eg liker betre å strikka saman når det er mogeleg. Fann ut at kan eg strikka saman årsteppet, må eg kunne strikke fletta på tunikaen og. Talde ut omgangar i mønster og fann ut kor mange masker eg kunne ha for å få eit heilt mønster midt bak og midt på eit mønster framme. Streva litt med å få ei fin samanfelling og overgang mellom flette og bol. Er fornøyd med løysinga eg kom fram til.

Neste utfordring var å få eit fint parti over fletta. Eigentleg skulle det strikke like høgt framme og bak. Problemet mitt er at eg ikkje likar plagg som er utringa bak? Strikka difor ei rundfelling og avslutta med ein rullekant.

Tunikaen er eg svært fornøyd med. Berre synd at eg ikkje klarar å få fram den flotte djupe blåfargen på bileta. Men ser du for deg smykkesteinen med same namn i ein djup farge, er det nok ganske nært fargen på tunikaen. Denne skal verta lun og god utover hausten og vinteren. Meisegarnet er det ein fornøyelse å ha på pinnane, ikkje noko minus at dette garnet er superwashbehandla. Kanskje det er av interesse at eg brukte 780 gr i str 44.

7 kommentarer:

  1. En lekker tunika, Åshild.
    Fikk jo se den på, og kan bare fortelle at den sitter nydelig og har et fint fall!

    SvarSlett
  2. Fantastisk flott tunika!! Godt jobba med bærestykket, du fekk det så fint, og den flotte blåfargen. Tunikaen var bare lekker!!

    SvarSlett
  3. *gisp* den vart nydelig. Og eg likte endringa du gjorde i mønsteret, den litt lettare mønsterborda var nydeleg!

    SvarSlett
  4. Bare så flott, nydelig Åshild, blir helt stum jeg, så lekker bare... :)

    SvarSlett
  5. "Mamma mia" - så flott! Du har strikka noko heilt unikt her Åshild. Blåfarge og mønster speler godt på lag!

    SvarSlett
  6. Jeg er mektig imponert. Her har du brukt mange teknikker og greidd å føye det sammen så usynlig. Bærestykket er et lite kunstverk! Denne kan du virkelig være stolt av.

    SvarSlett
  7. Denne var veldig flott. Var så heldig å se den i virkeligheten i dag da du var innom butikken min. Takk for besøket og velkommen igjen. :-)

    SvarSlett