mandag 18. november 2013

Gåve til ei sprek dame på 50

Mi kjære søster fylte 50 år tidlegare i haust. Som gåve frå oss fekk ho tilbod om å plukke seg ut eit strikkeplagg eg kunne lage til henne. Valet hennar var ei trøye med mønster på strikka i eit ullgarn.

Då ho kom på besøk for at vi skulle sjå på kva ho kunne tenke seg, nemnde ho eit mønster som eg ein gong har brukt i ei jakke til meg sjølv. På vårmarknaden i Lærdal kjøpte eg to nøster Kauni, og dei låg framme den dagen. Det kjekke er at ho fall pladask for dei fargane, og dei kunne kombinerast med svart. Då var planen klar, og det var berre å setja i gang.

Fargane på kaunigarnet var i lilla, oransje, raudt og grønt. Eg likte kontrasten det skapte til den svarte bunnfargen som er Ask - hifa 2 frå Hillesvåg ullvarefabrikk. Det vart eit lett plagg, veg berre 420 gr. Synes ikkje det er mykje for ei dobbel jakke i voksen størrelse.

Størrelsen vart stort sett som planlagt. Kanskje armane kunne vore litt vidare øverst, men så er jakke lett å få innunder eit ytterplagg. Gledeleg å få veta at jakka alt er brukt fleire gonger sidan ho vart overlevert tidleg i haust.


3 kommentarer:

  1. Jakken er nydeleg! Likar så godt den overgangen frå lilla til oransj, og inntil den botnlause svarte så lyser jo kaunien!

    SvarSlett
  2. Det var ein nydeleg jakke som passa perfekt til dama! Kjekt å få sjå den i bruk. Eg var så heldig å få ta og kjenne på den da eg hadde besøk :))

    SvarSlett
  3. Så flink du er :) 420 gr er jo ingenting, ei kjempeflott jakke Åshild :)

    SvarSlett