Det kan kanskje virke som eit paradoks å strikke varme vinterting med den vinteren vi no har. Ikkje eit snøfnugg å sjå, berre tørt grass eller store dammar, Heldigvis har vi ei hytte på fjellet vi brukar innimellom. Førre helg då vi var der, var der både snø og kulde, ja til og med i meste laget. -10 grader og kuling gjorde det til ei koseleg innehelg.
Med tanken på kalde skiturer har eg strikka denne halsen til meg sjølv. Deilig og mjuk og ikkje minst varm og god. Dette garnet fekk eg i gåve på eit treff eg var på i Trondheim i fjor vår. Det er handspunne og har vore ein skatt eg måtte laga noko lekkert til meg sjølv av. Eg ville helst ikkje blanda det med kjøpegarn, synest ikkje det ville vera rett. Mønsteret laga eg etter kvart som arbeidet skreid fram. Starta oppe, strikka så nedover og auka som til rundfelling. Har alt tatt den i bruk og den er deilig på kalde og vindfulle dagar.
Mannen min ønska seg ei ny strikkehue. Tidlegare har eg strikka fleire J.C. huer, ei slik vart denne gangen og. Wenche Roald sin norske oversettelse er ei god hjelp, den finn du her. Garnet eg brukte er Hjerte frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. I det garnet og på pinne 2,5 la eg opp 140 masker.
Garn frå Hillesvåg er også brukt i desse tovevottane til min kjære. Trollgarnet derfrå er godt å tove og slitesterkt. Mønsteret eg har brukt har eg utarbeida sjølv for mange år sidan, både små og store synes det er gode vottar å bruke.
Kor mykje dei har krympa i toveprosessen visar på bilda over. 10 cm på lengda og tilsvarande på bredda gjorde dei akkurat passeleg. Då har eg vaska dei to gonger på vanleg vask på 40 grader og saman med ei dongeribukse. Slike vottar er suverene på kalde dagar når ein har vindvottar utanpå! Kvalitetsstempelet kjem frå ein erfaren kar som har vore snøholeinstruktør på Finse.
Eg som er frysepinn, synes verkleg me har hatt bruk for varme vinterplagg. Elske slike halsar og tova votter!! Så fine arbeid du syner, Åshild. Kjekt å få tips ang. garn og toving.
SvarSlettSer riktig god og varm ut!
SvarSlettMå si som Linda, jeg og er frysepinn, og disse vantene blir man jo garantert varm av, de var kjempefine Åshild. Alt andre er også flott :) koselig blogg
SvarSlett