tirsdag 13. mai 2014

Labbegarn og labbestrikk

Når vi er ute å køyrer bubil er det greit med eit strikketøy. I alle fall for meg som er sidemann, og kan ha hendene fri til å gjera det eg vil. Då vi drog på to vekes påsketur var det i hovudsak labbestrikk som stod på planen. Det er lett på nevane og passeleg utfordrande når ein og skal følgja med kva som skjer rundt ein. Dessuten er det alltid greit å ha nokre par på lur til gåver. 
Denne boka til Bitta Mikkelborg er eg vorten svært glad i, den vart derfor med som mønstersamling. Passande pinnar i ulike størrelser vart og med i strikkeveska. Men før eg kunne starta labbestrikkinga, strikka eg ferdig ei lita kåpe. Den får dåke sjå i ein annan blogg, for eg er innimellom litt treg med monteringa.
Første paret med labbar starta eg med etter at eg hadde fått handla garn på, sjå bloggen salg hos Wollmeise. Det var vanskeleg å velja mønster og garn. Men eg hamna på dette mønsteret, "Ginas sokker". Garnet er Wollmeise Twin, 80% merino og 20% polyamid. Brukte pinne nr 2,5 mm. Vel ferdig medd det paret fann eg ut at det var sikkert nok garn til eit par til av dette garnet. Ein bunt er 150 gr, så eg gjekk på med friskt mot.
Valget denne gangen vart "Røff og tøff", framleis strikka på pinne 2,5 mm. På slutten strikka eg for harde livet. Det minka litt fortare på garnet enn eg hadde tenkt, av og til føler eg at garnet rekk litt lenger om eg strikkar fort. Men litt knapt vart det i fellinga likevel, labbane vart difor maska saman på tåa halvvegs ute i fellinga. Kunne kanskje rekt opp og strikka dei nokre få omgangar kortare, men eg er no litt tverr på tåa eg og.
Det neste garnet som måte prøvast var eit fleirfarga meisegarn av typen Twin det og. Mønsteret denne gangen vart og "Røff og tøff". Men dei vert jo litt forskjellig med så ulik innfarging av garnet. Synes dei sterke og klare fargane på meisegarnet er fantastiske, er jo litt spent på slitestyrken på dette labbegarnet.
No var vi komen så langt ut i ferien at handel i Flensburg står for tur. Her er det eit par butikkar som sel labbegarn av merket Lana Grossa. Det er polyamidforsterka garn av ull eller merino, 4 eller 6 lagt og med svært mange fargesjateringar. Den eine butikken har strikka opp prøver av det fleirfarga garnet, det gjer det lettare å velja garn ein likar. Som det ser fekk eg med meg nokre nøster av favorittlabbegarnet mitt denne gangen og. Eit par heklenåler og nokre knappar vart ogmed i posen.
Eit nytt garn var då komen i mine hender og måtte prøvast, Lana Grossa sit Meilenweit, 6 lagt. Dett er eit litt tjukkare garn som kan strikkast på pinne 3,5 mm. Mønsteret eg valde skulle vera "Fergemannen" Strikka brotet og byrjinga av mønsteret på ferga mellom Hirtshals og Kristiansand. Såg godt på mønsteret før eg gjekk opp i salongen, men huska feil. Dei vrange maskene mellom flettingae gjekk i gløymeboka. Skulle nok ikkje vore så lat, men tatt boka med opp.
Ei oppsummering av feriens labbestrikk.
Til slutt eit bilde av ei vindusutstilling hos ein garnbutikk i München. Var inne i butikken og såg, men kjøpte ikkje noko her. Vil likevel dela dette bilde, utstillinga kjem ikkje heilt til sin rett pga av gjennskin i vindauge.

Ønskjer dåke alle ein fin dag!

7 kommentarer:

  1. Du har hatt fart på pinnane på turen, fine sokkar i fine mønstre!
    Du er heldig som kan nytta tida i bilen, det går ikkje for meg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er berre når vi køyrer bubil eg klarar å strikke, i personbilen vert eg kvalm. Men det er jo når vi er på tur eg har mest glede av å strikka og.

      Slett
  2. Veldig fine sokkar, likte dei øverste brune ekstra godt. Og så synes jo alltid eg det er kjekt å lesa om nye garnbutikkar og ikkje minst garntypar. Ser boka til Bitta er på tilbud nå, så eg vurderar å kjøpe den.
    Og når eg ser det siste bildet, med vindusutstillinga, kan eg ikkje anna enn å tenka på ei strikkedama med sans for dill og pastellar, som bur i Herøysund!

    SvarSlett
  3. Du er jammen meg rask med sokkestrikkingen :)
    Flotte farger og lekre mønstre. Enig med deg -mye fint å finne i Bitta sin bok!

    SvarSlett
  4. For noen nydelige sokker du har strikket, og så i Wollmeise! Reine skjære luksussokkene :) Har vært i Tyskland og handlet wm, og det er et herlig garn :)

    SvarSlett
  5. Må bare si meg enig med flere her ;) luksussokker, og noen nydelige mønstre du har strikket, fart har du også på pinnene dine Åshild :) nydelige håndarbeider :)

    SvarSlett
  6. Flotte sokker i flott garn.
    Har og boken til Bitta og der er så mye fint. Det er bare å finne tid utenom bestillinger.
    Ønsker deg en fin dag.

    SvarSlett