søndag 25. januar 2015

Pulsvanter og labbar og litt anna.......

Av og til får eg det føre meg at garnlageret kan gje slepp på nokre nøster. Denne gangen var
det labbegarn frå Hjertegarn sin tur.
3 slike nøster kjøpte eg på eit marked på Møn ein feriedag. Falt pladask for det fine fargespelet i
dette garnet. Eg treiv med meg nøster og pinnar og la opp til eit par labbar med falske fletter ein
gong eg var på besøk hos eit vennepar. Men eg var nok litt gniten med masketalet, det vart litt for smalt til labbar. Men kva gjer det? Eit par pulsvantar med tommel vil ho sikkert ha.....
Og det ville ho, datter vår som jobba på kontor. Deilig fram over fingrane når PC'en skal brukast. Men det var mykje garn igjen, så då kom det nye labbar på pinnane.
Eg fekk ei herlig strikkebok med sokkemønster av ei venninne, og den plukka eg fram.
Her valde eg eit mønster kalla RUMPLED! Å strikka etter engelsk møster gjer eg innimellom rett
og slett for å prøve å holde kunnskapen ved like. Dette mønsteret var veldig greit å strikke etter og størrelsen var fin. Det påstod i alle fall dattera som tok på eine labben og la foten opp på spisebordet for å demonstrere at dei måtte høyra saman med pulsvantane.
Med rosande klingande i øyrene og eit stekt ønske om å få begge para, både labbar og pulsvantar, smeltar eit morshjerte.
Ferdig med dette har eg enno igjen litt garn, men det får liggja ei stund til. På pinnane har eg ein barnegenser, men det går ikkje så fort. Treng litt avveksling til strikkinga no for tida. Men arbeidslaus er eg ikkje. I tølene låg ei halvferdig forklebord til bunad. Teknikken er dobbel uttrekkssaum. Her har eg arbeid lenge.... men heldigvis ikkje noko tidspress på meg.  
Veldig kjekt med dåke som ser innom bloggen min, kjenner på meg at nok er tilbake til denne bloggen for det meste. Kanskje ein og annan liten blogg på Woolspire kan det bli og.



8 kommentarer:

  1. Så koselig blogg! :) tenker jenta, hm - damen - ble glad for lekre pulsvanter og strømper. Enig med deg, det var et nydelig farvespill her :) har litt å fundere på du også :) ha en fin søndag kjære du - håper formen er god

    SvarSlett
  2. Lekre arbeider, Åshild!
    Ser at du ikke er eneste som velger deg tilbake til bloggen her...
    Tiden får vise hva jeg gjør ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for kommentar er. Ja Sølvi, føler at det tekniske ikkje er på plass på Woolspire. Skulle kommentere i dag og det med feil brukar.

      Slett
  3. God morgen, Åshild, og takk for kommentar på bloggen min. Vi er visst morgenfugler begge to. Jeg liker godt å lage renningene selv og har funnet ut at det går greit å svepe på alene også. Du må nok til på veven igjen du også!

    SvarSlett
  4. Det blei flotte sokker og pulsvanter i herlege farger, og mønstra var bare lekre! Forstår godt at ho ønska seg heile settet. Det er kjekt når det me lager blir satt pris på.

    SvarSlett
  5. Nydelige vanter og sokker, i den fineste fargen jeg veit. Godt når ungene ønsker å overta det vi lager.
    For et fantastisk arbeid du gjør på den forkleborden. Jeg er full av beundring.
    Godt dere kommer tilbake. Jeg satt ei stund på gjerdet, men treg som jeg er , ble jeg værende ved det trygge, gamle.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk skal du ha, Garnhekta for kommentar. Ja det tar litt tid med forkleborda, men det er tilfredsstillende å halda på med litt slikt innimellom.

      Er nok tilbake, ja! Dei tekniske løysingane fungerte litt ujevnt og det skaper lett frustrasjon når datakunnskapene burde vere mykje betre.

      Slett
  6. Då fann eg og fram til bloggen din.. Har sansen for både sokkar og pulsvantar i lillafargane! OG er svært imponert over hardangersaumen. Veldig greit å ikkje sleppe opp for arbeid ;)

    SvarSlett