mandag 27. juni 2016

Kosetid ved symaskina.

Innimellom nyt eg å setja meg til symaskina. Sitja å putla med litt forskjellig, 
noko som er sjølvvalgt og noko det er kome ønske om. Det vil seie at det er sjølvvalgt
 å oppfylle ønska og! Denne gongen var eg slett ikkje vanskeleg å be. 
Når det nermar seg tid for at eit lite barnebarn skal bli født, 
er det stas å bli spurt om ei teneste.

Denne gangen var det behov for nytt trekk på stellebordet. Vi vart samd om at 
voksduk kunne egne seg som trekk, lett å vaske og halde rein. For ei strikkeglad 
bestemor vart voksduken med sauer eit sjølvsagt val. Fornøyd med resultatet 
vart eg og.
Det var også ønske om eit "babynest" eller babyreir på godt norsk. Eg var heldig 
å få låne eit mønster frå ei venninne. Hos Tonje er det mange flotte stoff å velge mellom, 
eg falt for to nøytrale. Som fyll brukte eg ei gammal dyne, vaska på 60 grader og
 tørka i trommelen. Resultatet vart både mottakar og eg fornøyd med. 
Her kan du sjå korleis mitt babynest vart sjåande ut! Og den fine vogga er det 
pappa min som har laga, den vart ferdig for snart 12 år sidan 
då første oldebarnet kom til verda.
Godguten, barnebarn nr 5, ligg her og søv i babyreiret med eit berre eit teppe 
strikka i Dale babygarn over seg. Like stort kvar gong eg vert bestemor. Det å få 
kose og stelle med dei små, få følgja med korleis dei utviklar seg. 
Kan livet bli betre?
Tusen takk til deg som ser innom bloggen min. 
Kommentarar vert lese og vert sett pris på.

Eg ønskjer alle ei flott veke, vonleg med godt sommarver for dei fleste.

Helsing Åshild

4 kommentarer:

  1. Å helledussen så søt han er der han ligger i baby-reiret <3 med bestemorstrikket teppe over. Du er superdyktig både med maskin og pinner!!
    Å få barnebarn er så herlig - dem er livets dessert <3 <3 <3
    Ønsker du får en flott sommer, Åshild -- og tusen takk for hyggelig kommentar inne hos meg. Jeg håper også vi treffes om ikke så lenge <3

    Stor varm klem fra Ann Elisabeth

    SvarSlett
  2. Lurt med voksduk på stellebordet og jeg likte sauene :)
    Flott babynest til en søt liten gutt!

    SvarSlett
  3. Stellebordet blei som nytt med fine sauer på :) Og så herleg gutten var, han søv godt nedi reiret sitt. Du er dyktig med symaskinen og. Kos deg med gullungane dine :)

    SvarSlett
  4. Ei døktig bestemor du er -- så flotte arbeider og mest av alt at det er ein liten gut som får bruka det!

    SvarSlett