søndag 31. juli 2016

Ferie med strikketid og garnkjøp

Har i sommar vore 2 veker på bubiltur i Norge og Sverige. Og sidan eg likar å strikke når vi kjører, ja eg nyttar gjerne ledige stunder ellers og, så vert det litt strikketid. Når regnet pøsar ned er det godt å sitte inne med strikketøyet, og skin sola er det fint å sitja utanfor bilen. Er ein glad i å strikka veit ein ofte å nytte tida.


Som her i Kristinehamn i Sverige. Fin temperatur, sol og sommar og labbestrikk på pinnane. 
Når det skal pakkast til tur, er strikketøyet det som vert nøye planlagt + litt ekstra garn som 
kan komme vel med. 

Men samtidig så er det no ein gong slik at fabrikkutsal er like viktige stopp som dei mest naturskjønne stader. Og kan eg få med meg begge deler, ja då er dagane perfekt. Etter å ha besøkt Jostedalen, og Geiranger, kjørt Sognefjellet og Ørnesvingane, ete jordbær i Valldalen og er komen fram til Åndalsnes men kanskje ikkje akkurat i den rekkefølgen. Då vert Fabrikkutsalet til Rauma på Veblungnes eit naturlig stopp. Feilfritt garn med 10% rabatt, og masse feilgarn til 20 kr bunten. 
Det vart eit plastnett med feilgarn, Baby Panda, PT 5 og 2 buntar PT Pandora. 


Etter å ha hatt fantastisk flott sommarvær, hang skodda heilt i fjorden, værmeldingane lova meir regn, ja då sette vi kursen til austlandet. Og undervegs der vart det gjort ferdig 3 par labbar. Alltid kjekt å ha labbar på lur, som gåver eller gevinstar.


På Notodden var vi saman med datter vår og familien eit par døgn. Yngstemann i den familien skal befynne på skulen no, og skulegenser frå bestemor høyrer med. Han fekk sjølv plukke ut motiv frå boka "Hønsestrikk". Koselig å bla i boka saman med han, og ønskje var ganske klart, seglbåtar vart favoritten.

Feriens siste strikkeprosjekt vart "Nettvotten" strikka i restegarn frå Sjølingstad uldvarefabrik.



I Sverige var eg innom Kampes spinneri i Ullervad, Mariestad. Godt utvalg i vevgarn og vevtilbehør. Ja det vart litt kjøpt her og. Så til vinteren må eg nok få renning på veven min igjen. Tinas Textiler freista og med ei flott vindusutstilling. Klarte akkurat å få det med då eg sykla forbi. Spaserte tilbake og jammen kjøpte eg ikkje nokre meter og. Veldig godt å veta at eg ikkje vert arbeidslaus til hausten og vinteren. Det vil seie at eg alt har brukt fleire nøster garn og det eine stoffet vart til denne handarbeidskorga. Den rommer mykje, her er den fylt opp med feriens innkjøp. Fyller eg den med garn og handarbeidsutstyr vil eg ha arbeid lenge. Rikelig med lommer utvendig er det og.
Er veldig fornøyd!


Den siste og flottaste opplevinga på handarbeisdfronten var besøket på Silkeveven, Skarnes. Flott å tenke på at den einaste vevstolen av den typen som ikkje er i Kina, den er på Skarnes i Norge. Imponerande å sjå korleis det måtte 2 vevarar til for å veva. 12 000 renningstrådar og like mange hovlar som vart brukt i eit fastlagt program. 

Og like flotte stoff kunne dei veva på vevstolen. Imponerande! Så har du anledning til å besøke Silkeveven, kan det sterkt anbefalast!


Ønskjer deg som les dette ein fortsatt god sommar! 

Og det kan eg seie, vi treng ikkje fleire nedbørsrekordar i Bergen i sommar.

2 kommentarer:

  1. Imponerande mykje arbeid du har fått gjort dei to vekene! Sokkar og votter er greit å ha på lur. Genseren blei flott med seglbåtar, heilt unik og ingen som har lik.
    Og den flotta korga di då... er ikkje misunneleg eg, nei...
    Det såg spennande ut med silkevev, skoi at det finns bare her i landet utenom Kina!
    Fortsatt god sommar til deg og!

    SvarSlett
  2. Imponerande mykje arbeid du har fått gjort dei to vekene! Sokkar og votter er greit å ha på lur. Genseren blei flott med seglbåtar, heilt unik og ingen som har lik.
    Og den flotta korga di då... er ikkje misunneleg eg, nei...
    Det såg spennande ut med silkevev, skoi at det finns bare her i landet utenom Kina!
    Fortsatt god sommar til deg og!

    SvarSlett