onsdag 19. september 2012

Velkommen til Åshild sine handarbeidsgleder

Her vil eg dele det er kosar meg med på handarbeidsfronten. Litt spennande å byrja med blogging, men nedlegginga av Trådsnella på 123 Norge gjer at eg no vil prøva meg her.

Hausten er komen og vi har hatt ein liten haustferie. Ei veke i bubilen med besøk i Stockholm og Oslo gav og litt garn og utstyr til mine handarbeidssysler. I Gamlebyen i Stockholm  fann eg fleire butikkar som selde garn. Då er det fort gjort å få brukt nokre kroner på noko eg ikkje finn over alt. Det vil sei, trur kanskje tida går fortare for meg enn for dei som eventuelt ventar utanfor butikken.


Strikkegarn fann eg i 3 forskjellige butikkar. Garnet til venstre fann eg ein butikkk som heitte Happy Color. Dette er rein silke, så kva det skal bli får eg tenke på ei stund. Garnet i midten kjøpte eg i ein butikk som heitte Sticka i Østerlånggatan. Det er eit blandingsgarn med mest alpaca, nok til ei jakke eller genser til meg sjølv. Garnet til venstre kjøpte eg i same gata hos Anntorps vev, eit svensk ullgarn som er handfarga.


I Mariestad låg det eit turistkart som reklamerte for eit ullspinneri i Ullervad, Kampes spinneriprodukterAB, her var det mykje "godis" i hyllene. Eg kjøpte litt vevutstyr som var betraktelig billegare enn her heime. Dette besøket skulle nok vore planlagt mykje betre, då skulle eg kjøpt så mykje meir!

Vi opplever mykje på ei god veke på vegen, her er det kun mine handarbeidskjøp som kjem fram. handarbeid gjorde eg og denne veka, men det får koma i ein seinare blogg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar