fredag 21. september 2012

Vevde løparar til basaren

I mange år har det vore ein draum å få ned veven som eg har hatt liggjande på loftet. No er den komen i kjellerstova og står med maaaaange meter med renning! har klipt ned noko av det eg har vove, det vart vel ca til 3 løparar. Den første vart falla og gjort klar til basaren i husflidslaget.



Mønsteret og tråd har eg kjøpt frå Sejord vev- og garnsenter. Der er servicen god og dei er hjelpsomme mot ein nybyrjar. Renninga er Cottolin, ei blanding av bommull og lin, og innslaget er lin. Synes slike løparer vert så blanke og fine når dei er dampa opp. Stødige er dei og, så her skal det nok vevast fleire slike!
 
Her er eit detaljbilde av mønster, ulike sjateringar i raudfargane får mønsteret godt fram!
 
 
I tillegg til løparen over gav eg og inn ein ull-løpar med julemotiv. Denne løparen kallar vi berre for nissaløparen. Den har eg vove i vevgruppa i husflidslaget, vi er så heldige å ha ei vevgruppe i Yrkesstova. No startar vi oppatt på mandag etter sommaren, det vert kjekt å komma i gang igjen!
 






Her ser de detaljbilder frå mønster i endane. dei er ulike, med nissekoner i eine enden og nissar i den andre. Må sei eg streva litt med den første nisseløparen min. Det er litt lett å slå vevskeia litt hardt. Men denne gongen er eg mykje meir fornøyd med resultatet. Dei stod ikkje lenger i bue etter dampinga.  På mandag skal vi lage ny renning til slike løparar.
 

 
 
Denne løparen er vevd i garn frå Hillesvåg ullvarefabrikk. der har dei mykje fint garn og ikkje minst ei flott og hjelpsom betjening. Fargevalet er nydeleg og dei er gode på innfarging av like parti. Å gå langs hyllene deira er alltid inspirerande!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar