
Denne strikka eg i Embla Hifa 3 frå Hillesvåg Ullvarefabrikk på pinne nr 3,5. Eg la opp 60 masker og strikka 5 omganger, auka så ut til 72 masker. Elgen henta eg i mønsteret til eit par herrevottar i boka "Norske vottar og vantar" til Annemor Sundbø. Eg fekk plass til 2 elgar ved å fjerne eit par kantmasker. Resten av mønsteret vart til under vegs.
For å få trekket til å sitja fint på plass oppe på boksen limte eg på nokre bitar med borrelås, den harde delen. I bunnen trekkte eg inn ein dobbel tråd og stramma passeleg inn slik at trekket sat fint inn under boksen!
Så lekker den var og så lurt med borrelås i toppen!
SvarSlettDa ble jeg inspirert til et nytt strikkeprosjekt, men det spørs om ikke jeg må prøve meg på sauer i stedet for elg . .
Denne var stilig, Åshild!
SvarSlettDet er nesten så jeg må begynne å bruke tennbriketter så jeg kan pynte opp en boks jeg også :)))
Stil over denna tennbrikkeboksen. Liker godt elgen!
SvarSlett