torsdag 27. juni 2013

Litt vottestrikk og barnedåp.

Her i huset har det vore travelt men kjekt siste tida. Tid til litt strikking vert det likevel innimellom. No hat eg fått tatt eit lite krafttak på vottane som var lagt til sides for meir spennande prosjekt. Ikkje det at ikkje vottane er spennande med dei flotte mønstera vi får i Projo's vottealong. Synes dei er flinke å finna fram til varierte mønster, vert nok ei fin samling vottar når året er omme!

No er det april- og mai-vottane som er ferdige

Aprilvottane har eg strikka i Shetlandsgarn kjøpt hos Shilasdair i Skotland. Det var akkurat nok garn igjen etter ein genser, eg strikka til mannen, til eit par vottar. Eigentleg raske å strikka, brukte pinne nr 4. Det er Bittami som har laga mønsteret.

Maivottane er Annes Blomst av Wenche Roald. Dei strikka eg i Hillesvåg sitt Ask - Hifa 2. Eit garn eg er svært svak for, og som er rikt representert i lageret mitt. Sjølv om strikka på pinne 2,5 mm vart dei litt store til handa mi. Løysinga på det er å gje dei i gåve til nokon med større hender eller tove dei lett. Det får tida vise?
 
På pinnane no er ein flettegenser som eg såg mønster til i Familien i mai. Denne strikkar eg i Meisegarn (Wollmeise DK farge Lapislazuli ) eit herleg garn i ein nydeleg farge, synes eg. Gleder meg til den vert ferdig! Fargen er litt djupare enn det eg klarte få fram på bilete.

Elles er det barnedåp eg har vore opptatt av siste tida. På søndag vart Rebecca boren til dåpen, ei viktig hendig i familien. Foreldra har ikkje så stort hus, så då kunne dei ha selskapet hos oss. Skal det vera fest slik må det vaskast litt ekstra i krokar og krær - blanke vindauge er og nødvendig synes eg. Men det er nok viktig å sei ateg la lista sjølv for kva som skulle gjerast av førebuingar.
Svigerdatter vår pynta bordet, datter vår sørga for mykje av tillaginga av maten dei hadde kjøpt inn. Den andre bestemora frå Romania laga deilige varme rettar slik dei pleier ha, det smaka godt. Med andre ord var det ein skikkeleg familiedugnad.



Har så lyst å vise dåke bilete av nokre av den flotte familien min, alle fire barnebarna, dotter, son, svigerdatter og hennar søster. Vi hadde ein herleg dag og eit flott selskap.

5 kommentarer:

  1. "Litt" strikking? Synes du har rukke ein heile haug eg. Og genseren blir veldig fin i den fargen.
    Flotte vottar også, synes ikkje du burde tova dei småmønstra vottane, dei hadde så nydeleg mønster.

    SvarSlett
  2. Heilt nydelege arbeid du servere, Åshild! Tillykka med dåpsbarnet! Så flott å sjå flokken i bunader (heilt sikkert med god hjelp av di hånd?!!)

    SvarSlett
  3. Gratulerer med dåpsbarnet! Ein flott famelie du har, og det er kjekt å samlast i slike festlige selskap :)
    Det var ein herleg blåfarge på genseren din, og vottane var flotte.

    SvarSlett
  4. Vottene du har laga var virkelig flotte.

    SvarSlett
  5. Hei Åshild :) Så koselig blogg å lese, og flotte håndarbeider fra deg :) blir lekker den du holder på med også....

    SvarSlett