torsdag 6. juni 2013

Sanquharstrikk - ein spennande along!

I ei gruppe på nettet fekk vi invitasjon til å vera med på ein along i Sanquharstrikk. Det vil seie vi fekk ikkje berre invitasjon til å vera med å strikke, vi fekk også lærdom om denne gamle engelske strikketradisjonen frå Sanquhar i Skottland. Dette er ein levande tradisjon tilbake til 1700-1800 talet som no er vorte meir kjent utover regionen den høyrer heime. På nettet kjem det fram litt forskjellig når ein googlar "Sanquhar knitting".

Slike utfordringar som dette er det vanskelig for meg å motstå, og eg melde meg sjølvsagt på! Denne gangen fekk vi nokre ferdige mønster men også grunnmønster som vi kunne bruke på vår måte.

Eg bestemte meg for å strikke hanskar. Her hadde vi link til eit mønster, men det viste seg å ha alt for mange masker til at dei ville passe mi hand. Årsaka til det er nok fleire.
  • trur dette kanskje var mønster på herrehanskar
  • dei hadde brukt veldig tynne pinnar og tynt garn
  • strikkefastleiken tilsa eit antall masker på 10 cm som eg ikkje ville kome i nærleiken av
Løysinga var å bruke dette mønsteret som inspirasjon til å strikke mine eigne hanskar. Dei skulle strikkast på pinne nr 2 og med Inca alpakkagarn frå Rauma.

 
Så langt kom eg før eg av ulike grunnar la strikketøyet til side. I ein lang periode beundra eg alle dei flotte Sanquharstrikka huene, labbane, vottane, pannebanda og hanskane som vart gjort ferdig rundt om i landet. Då var det berre å finna tilbake energien og setja i gang. No er også mine hanskar ferdig - litt etter fristen.
 

 
Hanskane fekk ei fin passform, er supermjuke og sikkert varme. Likevel håper eg det vert lenge til eg får bruk for dei, no vil eg ha sol og varme!

 
Sidan eg strikka inn bokstavane mine, får eg behalde desse sjølv. Fleire har ytra ønskje om eit par som dette, men trur det vert desse eg kjem til å strikka. Kanskje det vil verta noko anna i Sanquharstrikk - det vil tida vise.

5 kommentarer:

  1. God morgen! Du er så flink! Flotte hansker du har laget. Nå har jeg linket til siden din på bloggen min.

    Strikkehilsen Tina

    SvarSlett
  2. Praktfulle!! Må leite etter nye rosande ord, for ikkje gjenta meg sjølv. Gratulere med nokre heilt spesielle og unike hanskar!

    SvarSlett
  3. Nydeleg arbeid, Åshild! Sanquharstrikk var kjekt, men trur ikkje det blir hansker på meg, altfor putlete arbeid ;) Er imponert over dokke som har strikka hansker!!!

    SvarSlett
  4. Og midt oppå rabarbraen havnet de, de nydelige vantene dine, de ble kjempefine Åshild :)

    SvarSlett
  5. Der var hanskene ferdige, ja!
    De ble aldeles nydelige :D
    Rålekkert arbeid!!

    SvarSlett