mandag 19. august 2013

Ikkje enkelt å handla garn i ferien!

Garnkjøpa denne ferien gjekk ikkje som planlagd, men litt vart det no med heim. Og det er ikkje det at ikkje reiseføgje la til rette for handel, men det er mykje som skal takast hensyn til før garnet vert med meg heim.

For å få kjøpa garn må eg først
  • Bruka Knitmap for å finna ein butikk på ruta vi skal køyra
  • Vera på staden når butikkane har ope
  • Klara å finna parkering til 2 bubilar, noko som ikkje alltid er like enkelt
Vårt første forsøk var i Agen i Frankrike på vegen mellom Carcasonne og Bordeaux. Her kom vi ein laurdag i lunsjen. Vi klarte parkera bilane og sjåførane vart igjen med bilane. Veninna mi og eg tok GPS,en og fann greit vegen til garnbutikken. Blant anna viste desse syklane oss vegen.
 

Butikken var stengd!!!! men det var jo lunsj, kanskje butikken ville opna igjen? Skiltet i butikken tilsa at butikken skulle vore open, men......? Ved å spørja oss litt fram fann vi ut dei fleste butikkane opna att ca kl 2... eller halv 3.... eller? Det er jo gjerne slik at heilt presis er dei ikkje altid i Frankrike.

Inne i butikken lyste flotte garn mot oss, blant anna frå Bergere De France. Store lappar om sal var det og. 50 % avslag. Vi venta ..... og venta....... og venta! Men til slutt måtte vi berre returnere utan garn.

Neste stopp, Bordeaux,  hadde fleire garnbutikkar. Men der var vi på ein søndag. Og ingen av garnbutikkane heldt oppe. Så då var det å sjå fleire stader der vi skulle kjøra. Kom til at det kanskje vart i Kassel, Tyskland, eg skulle gjera eit nytt forsøk på garnkjøp.

Men før vi kom til Tyskland hadde vi eit anna spennande mål. Eit fabrikkutsal i St. Junien i Frankrike. Her ligg fabrikken Georges Morand som syr dei herligaste hanskar. Var her i 2007 og kjøpte hanskar. Dei har eg enno, men no trengs det ei fornying. Makan til luksushanskar kjøper eg ikkje her heime. Dei er leverandør til fine butikkar som Harrods og Saks. 2 par vart det på meg, pluss nokre som skal vera gåver.

Då vi nerma oss Kassel fann eg fram til garnbutikkane på GPS, vi skulle vandra litt i sentrum. Og vi skulle kjøpe tråd! Inne i sentrum var det ikkje råd å finna parkering til bilane. og det vart sightseeing på Wilhelmshoehe. Eit impoerande slott og park. men garn vart det heller ikkje her.

Gleda vart då større då vi kom til Flensburg. Her visste eg det var garn å få. Gledeleg overraska vart eg og. Det var komen ein ny garnbutikk i gågåta, var knappe 2 år gamal. Her var det mykje snaddeer å få kjøpt! Enda meir å kjenna på, vurdere opp mot planlagde prosjekt, drøyma seg bort i......

Synes eg ikkje var så verst beskjeden med mine labbegarnkjøp og eit deilig babygarn i beige og ubleika.

På bildet kan de sjå nokre av mine kjøp, noko er alt vorte gåver ved heimkomsten!

3 kommentarer:

  1. Litt frustrerande å stå utanfor ei stengd dør å sjå inn på nydeleg garn med skilt -50% over seg... Men, det er ikkje alltid at skjebnen vil vi skal gå berserk mellom nøster og hespar.
    Hanskane såg himmelske ut, endå ein grunn å gle seg til vinter:)
    Og alt i alt synes eg du kom heim med eit flott utvalg garn:)

    SvarSlett
  2. Noe så frustrerende... Bare det å stå og se på alt det lekre garnet, sukk... Men, ser du fikk tak i både lekre hansker og garn til slutt. Du tryller vel frem snart noe fint igjen :)

    SvarSlett
  3. Godt det blei noko handel allikavell??!! Eg hadde blitt heilt frustrert viss eg kom til stengt dør i slik ein godtebutikk!!! Stilige hanskar då Frue!!! Og garnet er jo flotte souvinarar.

    SvarSlett