I fjor haust var eg så heldig at eg fekk gjort eit raskt stopp hos STRIKKEGLEDE i Hemsedal. Tidlegare har eg gjerne handla hos dei på Lærdalsmarknaden. Dei to trivelege damene
har no opna butikk i Hemsedal samstundes som dei og driv nettbutikk.
Eg kan absolutt anbefale ein stopp her om det skulle passe.
Denne gongen fekk eg kjøpt ei lita hespe med norsk luksusgarn. Kasjmirull frå Gol, spunne hosTELESPINN. Eit utruleg mjukt og lekkert garn, drøyt i strikk var det og. Kjekt var det å få
med informasjon om korleis dei børstar, og ikkje klipper, kasjmirgeitene før garnet vert
sendt av garde til spinning. Vaskeråd var det også med.
Den vesle hespa mi fann eg ut eigna seg godt til pulsvantar, og mønster fann eg på Ravelry, ESTONIAN LACE WRIST WARMERS.
Eit gratismønster som eg nok kjem tilå strikke fleire gonger.
Den vesle hespa mi på 33 gram vart nok til 2 par pulsvarmarer med ulik lengde.
Det eine paret har alt fått ny eigar, ei dame med kunnskap om ull og glede av slike unike fibrar.
Par nummer to får liggja på vent til ein passande anledning.
Disse var flotte og høres ut som ett fint garn .
SvarSlettLekkert resultat!
SvarSlettNydelig mønster som kommer godt fram med den lyse, fine fargen!
Nydelige, Åshild. Hender vi reiser gjennom Hemsedal, dette er verd en stopp. Ligger butikken i sentrum av Hemsedal.
SvarSlettButikken ligg i Hemsetal sentrum i eit senter som ligg tvers for Skogstad hotell. Dei held til i kjellaren.
SlettFlott garn, og nydeleg resultat :)
SvarSlettEg er så heldig at eg har fått kjenna på garnet ditt og kan skriva under på at det er mjukt og deileg. Det blei fine pulsvarmerar med nydeleg mønster. Eg har eit hespe kasjmirgarn liggjande her og. Har ikkje funne ut kva det skal bli, men det blir klappa kost med av og til ;)
SvarSlettDe ser fantastiske ut, god helg til deg!
SvarSlettSå nydelig mønster Åshild :) disse var kjempefine - og så drøyt et garn da gitt :) god helg snille du
SvarSlett