onsdag 6. mai 2015

Ei finsleg FANATRØYE

Svigerdatter vår ønska seg ei strikketrøye og valet falt på ei Fanatrøye. Som så mange ganger før fann eg inspirasjon i denne boka som er laga av Fana Husflidslag.


Det som er gledeleg er at boka no er kommen i nytt opplag og kan bestillast her:

Bestill boken på fanatroyer@gmail.com og betal samtidig kr 400 (kr 300 + porto kr 100) til fanatrøyekontoen 3418 21 06021. Vi sender den så snart vi har registrert betalingen. Husk å oppgi adresse og telefonnummer.
Kontaktpersoner for salget er Karen Agathe Myrmehl, tlf 41521145, og Randi Stoltz, tlf. 95046773. Oppskrifter på bånd finner du på www.randistoltz.com under "Grindvev".



Eg har strikka jakka i Sandnes Mini Alpacca på pinne 2,5mm. Oppskrift hadde eg ikkje, så jakka vart til etter kvart som arbeidet gjekk framover. Nederst laga eg ein liten blondekant før eg strikka åttebladrosene. Ruteborda nederst sløyfa eg denne gangen.

Samme blondekanten og Åttebladrosa strikka eg nederst på armane. Etter å ha sydd for oppklipping og utringing i halsen strikka eg ein liten dobbel kant. Maskene plukka eg opp ved å ta ei maske i tre omganger og så hoppe over den fjerde omgangen. Lista strikka eg på pinne 2 mm. Eg sydde hemper i knappholsting, det gir stødige hemper som ikkje strekkjer seg,

Etter inspirasjon frå fleire her på nettet strikka eg armen saman med bolen ved å felle berre på armen etter å har felt litt på begge sider. Dessverre vart armtoppen litt høg, men det kan heldigvis ordnast ved å sy eit lie legg heilt øverst,

Slik ser jakka ut når ho heng på kleshengaren. På mottakaren sitt ho kjempefint, og eg håper ho får mykje glede av denne trøya.

Tusen takk for deg som ser innom bloggen! Det set eg stor pris på.

5 kommentarer:

  1. Så fine Fana-jakke :)
    Har sett for meg en eller annen Fana i rødt og hvitt og dette er absolutt et alternativ. Takk for inspirasjon:)
    Snart helg igjen. Ha en fin en :D

    SvarSlett
  2. Nydelig jakke du har strikket.

    SvarSlett
  3. Den blei staseleg fin!!! Arbeida dine er nydeleg utførte! Takk for tips om boka - har ei som ønsker seg den ;)

    SvarSlett
  4. Den var helt nydelig Åshild, så lekker. Det gjorde seg veldig med stjernene nederst og blonden der, kjempefint altså :)

    SvarSlett
  5. Åh, så flott fanajakke! Fin måte å strikka armane på bolen, den må eg testa ut. Fekk lyst til å strikka Fanamønster, "skal strikka" lista blir stadig lengre...

    SvarSlett