Mi første boblehue strikka eg i 2 fargar. Det vil seia at 1. og 6. omgang vart strikka i kontrastfarge. Eg brukte PT 5 Sport på pinne 3 og 3,5 mm. Eg måtte ta oppatt litt og gløymde auke ut andre gongen,
Fann ut at eg og skulle strikke huo i einsfarga garn i voksen størrelse. Her brukte eg
Sandnes Alpakka på pinne 3 og 3,5 mm. La opp 112 masker som eg auka ut til 120. Størrelsen er god så eg håper eg finn nokon som kan tenke seg å bruke denne huo.
Boblestrikk er kjekt å strikka men eg trur at det egnar seg best i fargar som det er lett å sjå maskene og telja omgangane på. Kjem nok gjerne til å strikka fleire slike huer.
Tovevottar er tingen for kalde fingrar. Dette stod klart på ønskelista for familiens femåring. Dei måtte vera blå, for det er tøffast. Bestemor bestemte at nokre striper gjer at dei er lettare å kjenna igjen og halde saman som par. Første forsøket passa storebroren på 9 år perfekt, til stor sorg for minstemann.
Då er det berre ein ting for bestemor å gjera, hiva seg på strikkepinnane å laga eit par til som er litt mindre. Dei vart slik dei skulle! Vottane er strikka i Ask - Hifa 2 på pinne nr 5 etter eie mønster. Dei er tova på 40 grader saman med ei dongeribukse.
Til slutt må eg visa fram ei gåve eg fekk frå ei venninne. Ei SYPIKE, noko som er eit nytt bekjentskap for meg. Flott nålepute på toppen og feste til å skru fast på eit bord. Tenker a denne skal bli flott feste for både brikkevevinga og sokkebandknyttinga som eg held på med.
Tusen takk for rosande ord på bloggen, kjekt med ei tilbakemelding. Takk til deg som kikkar innom uten å leggja igjen noko, du er like verdsatt du og!
Ønskjer alle ein fin handarbeidsmånad i november. Rart å tenkja på at det går raskt mot jul og advent. Eit år går så fort!
Bare knallstilig med sypike! Heldige deg :D
SvarSlettFine tovevotter -blir lunt og godt utover vinteren!
Boblestrikk har jeg ikke prøvd meg på, kanskje det bør prøves...? Ser kjempeflott ut!
Har du brukt oppskrift fra Malsen og Mor eller fra Ravelry?
Tusen takk for gode ord
SvarSlettHar strikka etter den engelske oppskrifta. Den car grei å forstå.
Boblehua er grei å strikka. Har laga nokon av dei, men har ikkje sett den med to fargar før. Det gav ein fin effekt. Eg har brukt ei norsk oppskrift.
SvarSlettTovavotter strikka i Ask er dei beste som finnes, blir så mjuke og gode!
Flott presang du fekk, sypike var nytt for meg ;)
Så mye fint å se Åshild og den sypiken var jo bare tøff :)
SvarSlett