torsdag 21. januar 2016

Restestrikk og garnrydding

No har eg nett kosa meg med to bloggar frå ei god venninne, slikt inspirerer til å prøve meg på ein blogg etter gammalt. Det nye året starta med litt rydding i restegarn og oddenøster. Det å få redusert på slike nøster og få laga noko nyttig av dei er inspirerande.
Eg starta med å strikke 3 slike huer, alle tatt i bruk av mottakarane. Litt baggihuer strikka på pinne 3,5 mm med ein tråd tynn alpakka, Inka, frå Rauma og ein tråd silk-mohair frå Drops. Mjuke og gode og ganske kledelege til dei tre unge damene som fekk dei.
Den eine huo fekk følge av eit par vottar strikka i Rauma Inka, eit tynt alpakkagarn. Dette vart gåve til ei niese som fyller 30 år snart. Mønsteret på desse uglevottane er henta frå VOTTEBOKA til Jorid Lindvik.
Eg hadde og vel ei hespe norsk pelsullgarn frå Hillesvåg ullvarefabrikk Liggande. Dette rakk akkurat til eit par vottar og to panneband. Kjekt å legge opp i kassen der eg samlar ferdige ting uten planlagt mottakar. Plutselig dukkar det opp nokon som kan tenke seg nett dette,
Elles er eg i gang med ei jakke til meg sjølv. Dette er eit litt større prosjekt, men eg er litt utolmodig etter å få den ferdig. Eg strikkar den i Wollmeise merino DK i farge mørk kirsebær. Garnet har eg hatt liggande med tanke på ei jakke til meg sjølv. Den skulle vera med fletter, slik adventurous er. Mønsteret fann eg på Ravelry.

Ja så må eg tilstå eg har latt meg freiste til å vera med på ein vottealong igjen. Denne gangen er det "Vottelauget og eventyrvottene" som inviterte. Dei har ei gruppe på FB og Ravelry. Synest slike alongar er kjempespennande. Rart å tenke på at det sitte strikkarar rundt om i mange land og strikkar det same som eg gjer. Å velja fargar og starta prosjektet uten å veta korleis det skal verta når det er ferdig? Spenning i handarbeidskvardagen det. På bildet over er tre av fem mønsterdeler gjort ferdig. Og når ein ser på alle dei andre prosjekta som er like ferdige og dei forskjellige fargesamansetningane er det virkelig eit votteeventyr!

Tusen takk til deg som har sett på det eg har strikka oglest mine tankar om det eg held på med. Ønskjer deg ei riktig fin helg!





5 kommentarer:

  1. Heia Åshild! Så fint å få sjå alt du lagar/ strikker! Fine arbeid og spennande mønstrar! Den jakka blir eit syn i "kirsebær"!! Håper bloggen får vedlikehald, ja. Skal følge med eg!

    SvarSlett
  2. Gosh, så nydelig jakke du lager Åshild :) den blir nok et syn! Hmm, syns den virker kjent, tror jeg har mønsteret i et Knits-blad, kjempelekker altså :) så koselig å lese blogg fra deg igjen, du e no så flink med alt du, fine håndarbeider :)

    SvarSlett
  3. Åååå, den jakka gler eg meg til å sjå!

    SvarSlett
  4. Så mykje fint du har strikka :) God helg.

    SvarSlett
  5. Så kjekt å lesa ein blogg fra deg igjen! Masse fint du har laga og den jakken var flott! Blir spennande å sjå den ferdig. Vottealongen var fristande, men eg klarte å stå imot denne gang. Eg hadde altfor mykje på lista mi.
    Takk for kommentar på bloggen min og god helg!

    SvarSlett