lørdag 2. juli 2016

Prosjektposer og stolvesker.

Når eg først kom meg i gang med symaskina, vart det fort gjort litt meir. Og då tenkjer 
eg ikkje på reperasjoner, som er det kjedelegaste eg veit. Heller ikkje skitnetøyposar til 
bubilen er noko "å skriva heim om". 

Nei eg har kosa meg med å sy nokre prosjektposar
 og vesker til solstolen i bubilen. I vår, då eg var på rehabilitering, fall eg 
for fristelsen å kjøpa litt bomullsstoff. Det er rart kor lett det er å handle i godt 
selskap og med gode tilbod.

Det første eg laga var to vesker til å knappa på solstolen i bobilen. Kjekt å sleppa 
å ha ting ned på bakken, men få det godt opp. Må tilstå at vi kjøpte ein 
modell i grå plast, av den kjedelege typen, på ferie i april.
 Med litt omarbeiding vart min modell sjåande slik ut.
Den er vattert med vanntett bordfilt og vrangsydd. For å få litt meir fasong har eg stiva lomma av 
ved å tre 2 gardinspiraler inn i ein løpegang. Ytterst er det ei tredelt lomme til mobil eller 
andre småting. Desse to veskene vart sommergaver til gode tur- og strikkevenninner.
Neste prosjekt var fleire poser til å ta med strikketøyet i. Her har eg forska litt på korleis 
eg vil dei skal sjå ut framover. Det er no komme lommer innvendig til mønster eller småting. 
Nokre er vatterte, andre ikkje. Å få beste løysinga på glidelåsen er det eg no prøver ut. 
Den med snøring vart bleiepose i stelleveska til familiens minste. 
Denne er ikkje vattert. Det er jo greit når ein skal pakke, tar litt mindre plass då. 
Samstundes ser eg at den kanskje vert litt slapp i fasongen.
Denne løysinga trur eg at eg må utforske litt meir. Vattert og med litt firkanta fasong oppe, 
den er grei å ha nøstet i når ein sitt og strikkar. 3 lommer innvendig er greit til småting 
som skal vera lett tilgjengeleg.

Skal eg fortsette med denne produksjonen må eg vel ut på markedet med dei. 
Begrensa kor mange eg har bruk for, men kjekke å sy er dei. Det vil seie at ein del av 
desse har alt funne nye eigarar.

God sommar til dåke som stikk innom her! 

Helsing Åshild



6 kommentarer:

  1. Superflotte vesker! Genialt med oppstivinga du har brukt! Her er bare å sole seg og strikke i vei! God sommar, Åshild!

    SvarSlett
  2. Knallfine strikkevesker du syr, Åshild! Håper du starter butikk ;) Kan eg bestilla ei av deg, ei som er stor nok til genserstrikk?

    SvarSlett
    Svar
    1. Det kan vi nok bli enig om når hausten kjem, Wenche 😁

      Slett
    2. Så bra! Det haster ikkje ;)

      Slett
  3. Heldige meg - som fikk den nydelige vesken i grønt ;) du er bare superflink Åshild, netthendt som mor bruker si ;) koselig blogg som alltid, kos deg videre, med smått og stort :)

    SvarSlett
  4. Har du oppskrift/ mal på hvordan du lager disse? :) Liker disse veldig godt å kunne tenkt meg å sydd noen selv :)

    SvarSlett