onsdag 28. september 2016

Votte og labbestrikk denne ferien og!

Så er vel ferielivet over for i år, men kan vel ikkje klage. 5 veker har vi vore på tur, mannen og eg, og vi nyt livet i bubilen. Denne gangen vart det både solferie i Kroatia, østerriske fjell og byar i Tyskland, for ikkje å gløyme sykkelturar i København. Her eit bilde frå Grossglockner, eit fjellpass i Østerike på 2504 moh.
Som alltid når vi er på tur, er strikketøyet med. Eg strikkar gjerne når vi køyrer, men og når vi har slått oss til ro. Denne ferien har eg i hovudsak strikka vottar og labbar, for hausten og vinteren kjem nok i år og.
Først å fremst var det dei yngste barnebarna som fekk vottar då vi kom heim. Mønstera er henta frå Votteboka til Jorid Linvik. Dei fleste er strikka i PT5 frå Rauma, men ekornvottane er strikka i restegarn frå Sjølingstad Uldvarefabrik.
Dette restegarnet var og nok til Nettvotten når eg sløyfa stripene på bråtet. Dette er ein damestørrelse, designer Wenche Roald/vottelauget.
I votteboka til Jorid Linvik er det og mønster til desse vottane, eg har strikka dei i Rauma PT5.
Har inntrykk av at heimestrikka labbar er populære åregevinstar på basarer. Desse para går nok til ei såk eg bryr meg om. Dei grønne er strikka i Rauma PT5 og dei med striper i Sisu frå Sandnes.
Det eg kosa meg mest med å strikke var nok denne jakken. Den er designa av Pinneguri og heiter Barnejakka Eivor, mønster finn du her på Ravelry. Synest den vart fin til den vesle prinsessa vår. Jakken er strikka i Drops Alpakkasilke.
Til slutt eit bilde av den koselege campingen vi budde på ei god veke. Dette er på Okrug utanfor Trogir i Kroatia. No er det haust og det vert kanskje meir tid til håndarbeid og til blogging.

5 kommentarer:

  1. Endelig, kom bloggen eg har venta på! Visste jo de skulle på tur. Guriland som pinnar og fingrar har jobba då???!! Nydelege arbeid som vanleg. Jenta, tar jo prisen! Eg trur eg må til Kroatia ein gong. Flotte bilder. Men, du?? .... ingen garnkjøp????

    SvarSlett
    Svar
    1. Veldig lite garn kjøp, nokre nøster Cool Wool Merino hos Filati Factory Outlet i Ingolstadt. Men liksom ikkje mykje å skriva om ......

      Slett
  2. Åh, så mange flotte vottepar i fine mønstre! Og nydeleg jakke! Du har ikkje hatt ferie fra strikkepinnane i alle fall... Spennande tur dokke har hatt, høyres fristande ut!

    SvarSlett
  3. Her var det mykje fint som varmar til vinteren :)

    SvarSlett
  4. Fantastiske ferietur dere hadde... spennende :-)))
    Ja strikke på turen er sååå deilig. Kjempeflotte votter har du strikkt.
    Super mønster. Og veldig fin er jakken med den søte jenta. Hilsen til deg.
    Ha riktig god høst fortsatt. Viola

    SvarSlett