Årets første blogg, planen er at det skal bli mange i løpet av 2017.
Jaja. eit nyttårsforsett skal vi vel alle ha
Så først av alt vil eg ønske alle
EIT RIKTIG GODT HANDARBEIDSÅR I 2017
Dette året er nett starta, så fanatrøya eg viser fram her vart strikka i november/desember i fjor.
Bror min fyllte då 50 år, og eg måtte spørja forsiktig om han ønska seg ein genser eller
trøye i gåve frå oss. Ei trøye i litt tynt garn kunne han tenke seg, og vi kom fram til at ei fanatrøye var eit fint alternativ.
Med utgangspunkt i boka "Fanatrøyer" vart planen lagt og garn kjøpt inn, blå og grå Sisu frå Sandnesgarn. Å få leike meg med alle dei ulike bordene som er i den boka er ein fornøyelse,
då vert det fanatrøye med mitt særpreg. Og då er det ikkje så mange som vert heilt maken.
Nede starta eg med tvebandstrikk, også kalla tvinnarand. Denne minner om latvisk flette, men er ikkje heilt lik. I dei mørke rutene har eg strikka første omgang rett og dei tre siste omgangane vrangt. Mi erfaring er at då trekkjer ikkje ruteborda seg så mykje saman, deretter kattepote og sikksakk. I stripemønsteret med lus strikka eg berre 2 masker mellom kvar lus fordi det vert meir stabilt, ein trekkjer ikkje så lett ut trådar.
Øverst strikka eg ei litt brei 8-bladrose, dette er ei av mine favorittborder som eg har brukt mange gonger, synest den er kjempefin!
Og slik vart jakka ferdig. Doble lister med knapphol og tinnknappar med 8-bladroser.
Å strikka jakke til andre å få dei passelig stor er ikkje alltid like lett.
Men ved å ta gode mål, rekna og telja så vart jakka absolutt passeleg og kledeleg.
Ja litt flaks hadde eg vel og.
Må seie eg vart tilfreds med resultatet!
Mesterstykke av ei kofte! Godt Nyttår, Åshild. Veldig kjekt at du skal blogga meir! Det kan eg lika!!
SvarSlettSå kjekt å lesa blogg fra deg, har sakna dei, veit du!
SvarSlettFanatrøya blei flott, kjekt når du kan variera border og mønster og få den unik. Jakka passa perfekt, nydeleg arbeid!
Godt nytt år til deg og dine!
Kjempeflott jakke Åshild, du strikker de nydeligste masker :)
SvarSlett