mandag 25. juni 2018

Sjølv om det er litt langt mellom bloggane, er pinnane stadig i bruk. Ikkje alt kjem eg på å ta bilde av, og ikkje alt er noko å vise fram heller. Det siste eg har strikka er ny bol og nye armar på ein genser til mannen. Denne genseren blogga eg om i august 2014, og den har vore flittig brukt.

Den gang brukte eg Kauni i armane og bolen, bærestykket og monteringa vart det brukt Hillesvåg Ask på. Dette var eit garnryddeprosjekt, der det var om å gjera å få brukt garn frå eige "lager". I bruk viste det seg at Kauni er eit lite slitesterkt garn, no var alle brota frynsete, det var hol på albogane og Kaunigarnet var generelt godt brukt. Så det var berre å dela opp genseren.

Heldigvis fekk eg kjøpt Ask i same farge som eg har brukt på 8-bladsrosene hos Spøt as, Amfi Flåten. Synest genseren vart nesten "god som ny".


Å rydde i restegarnet ligg tankane stadig vekk, her har eg strikka 2 par barnevottar og eit par damelabbar. Labbane er strikka i Arwetta, dei er mjuke og gode, slitesterke skal dei og vera. Kjekt å ha litt småstrikk på lur til hausten kjem.

Desse vottane har eg strikka som gevinst til basaren i Os Husflidslag, det er blitt ein tradisjon med herrevottar til den basaren.

Vil ønskje alle som ser innom bloggen god sommar, godt vær, kjekke opplevingar og god tid til strikketøyet 🤣🌞🌼

1 kommentar:

  1. Det er kjedeleg når plagga blir fort utslitte! Det opplevde eg med ei kofte i alpakka eg strikka til dattera, hol etter bare 3 år! Du løyste det fint og fekk nytta det fine brystpartiet. Mange fine ting av restegarn har du og strikka.

    SvarSlett