søndag 25. mars 2018

Xstatic for me - genser med innstrikka ermer.

Eg likar så godt gensere med isatt arm,  og kan dei strikkast frå toppen og ned 
er det supert. Då er det lite montering og at på til kan ein tilpasse størrelsen 
etter kvart som arbeidet glir framover.
Denne gangen har eg valgt eit mønster av Isabell Kraemer, kjøpt på Ravelry, med framgangsmåten "continguous set-in-sleeves". Mønsteret kan kjøpast HER. Designeren har fleire fine modellar.
Denne framgangsmåten gircei litt skrå skulder, men etter vask så er genseren 
fin på. Dessverre vokste genseren litt i vask, og går litt ut i bruk, men den er behageleg i bruk. Skylda for det må eg legge på garnvalget, Malabrigo Silky Merino.
Designeren har laga ein ny vri på avfellinga, den gav ei fin avslutning. 
Halsutringinga er kledeleg, litt open.
Strukturmønsteret er og med å gir liv til dei glatte partia. Vil 
anbefale framgangsmåten i dette mønsteret, det har gode forklaringar. 
Mønsteret er på engelsk.

1 kommentar:

  1. Så nydeleg genser i nydeleg farge! Det er spennande med nye design, og formstrikka skulder er heilt topp! Merinogarn er så herleg og mjukt, men minuset er at det kan siga.

    SvarSlett