tirsdag 2. juni 2015

MAI - ein bunadsmånad

Sjølv om vi no har kome til juni må det bli ein liten bunadsblogg.  Mai er tradisjonelt månaden der arbeid med bunadane er ein del av kvardagen. Det vil seie at i år vart også noko gjort i april slik at datter vår med familie var klar til konfirmasjonsfeiring. Når dei er så heldige å verta invitert til fest er det kjekt å få bruke bunadane meir enn berre 17. mai.

Med 4 barnebarn som alle har bunad og foreldra deira som og kan ikle seg festantrekket er det litt å putle med. Det vil seie at datter vår vaskar og steller skjortene sjølv, resten er det vel stort sett eg som syter for er klart. Og det som då må sjekkast er om skjørt skal flyttast på vesten og om buksene passar eller må leggast ned? Er skjortene lange nok på armane? Er det noko som må lagast nytt? Må sonen vår pusse sølvknappane sjølv, alle 54?

Eg er så heldig å ha ting som går i arv og som både eg har brukt og som datter og sonen vår brukte som barn, så ikkje alt er nytt til barnebarna. Stas å veta at det som dei fleste brukar er sydd av mamma eller meg. Berre svigersonen måtte kjøpe bukse, vest og jakke på Husfliden. Sunnmørsbunaden var det ikkje kurs i her på Os. For dei andre bunadane er Os-bunader alle.
I år laga eg belte til tulla vår på 2 år. Dette er ein kopi av beltet eg har arva etter m farmor då eg var jente. Synest det er litt kjekt at dei to jentene våre har like belter. Beltet er sydd på stramei i halve korssting og med ei perle i kvart sting.
Barnebarnet på 9 hadde vakse ut av sokkane sine, så då måtte det strikkast nye. Heldigvis har Rauma laga til eit hefte med bunadssokkar og der var det oppskrift til barnestrømper og. Stas å få like sokkar som onkel har til sin bunad.
Nokre skrytebilder må eg og ha med. Her er dei fire barnebarna klar til å gå i tog etter å ha ete frukost hos oss. Alltid kjekt å starte dagen saman, 4 generasjoner som trives i lag, det gir gode minner for liten og stor.


Her har barnebarna fått med seg foreldra. Er det rart eg synest eg er heldig og har ein flott familie som att på til bur så nære at vi kan vera saman ganske så ofte?



onsdag 6. mai 2015

Ei finsleg FANATRØYE

Svigerdatter vår ønska seg ei strikketrøye og valet falt på ei Fanatrøye. Som så mange ganger før fann eg inspirasjon i denne boka som er laga av Fana Husflidslag.


Det som er gledeleg er at boka no er kommen i nytt opplag og kan bestillast her:

Bestill boken på fanatroyer@gmail.com og betal samtidig kr 400 (kr 300 + porto kr 100) til fanatrøyekontoen 3418 21 06021. Vi sender den så snart vi har registrert betalingen. Husk å oppgi adresse og telefonnummer.
Kontaktpersoner for salget er Karen Agathe Myrmehl, tlf 41521145, og Randi Stoltz, tlf. 95046773. Oppskrifter på bånd finner du på www.randistoltz.com under "Grindvev".



Eg har strikka jakka i Sandnes Mini Alpacca på pinne 2,5mm. Oppskrift hadde eg ikkje, så jakka vart til etter kvart som arbeidet gjekk framover. Nederst laga eg ein liten blondekant før eg strikka åttebladrosene. Ruteborda nederst sløyfa eg denne gangen.

Samme blondekanten og Åttebladrosa strikka eg nederst på armane. Etter å ha sydd for oppklipping og utringing i halsen strikka eg ein liten dobbel kant. Maskene plukka eg opp ved å ta ei maske i tre omganger og så hoppe over den fjerde omgangen. Lista strikka eg på pinne 2 mm. Eg sydde hemper i knappholsting, det gir stødige hemper som ikkje strekkjer seg,

Etter inspirasjon frå fleire her på nettet strikka eg armen saman med bolen ved å felle berre på armen etter å har felt litt på begge sider. Dessverre vart armtoppen litt høg, men det kan heldigvis ordnast ved å sy eit lie legg heilt øverst,

Slik ser jakka ut når ho heng på kleshengaren. På mottakaren sitt ho kjempefint, og eg håper ho får mykje glede av denne trøya.

Tusen takk for deg som ser innom bloggen! Det set eg stor pris på.

søndag 26. april 2015

Overraskande knappegåve.

Nye bekjentskaper er alltid spennande og samtalane kan fort komme inn på kva vi likar å halda på med. Eg var så heldig å verta kjent med May Helen Bleie. Ei flott og kreativ jente som det er ein fryd å vera saman med. At ho er knapt halvparten så gammal som meg er uvesentleg når samtalen glir lett. 

May Helen  lagar smykker i sølv under merket Zilver-Neckless, blant anna så formar ho om sølvbestikk til lekre smykker. Eksempel på dette finn du på heimesida hennar eller på facebook.

Eg var frampå og lurte på om ho hadde prøvd seg på å laga knappar av gamle myntar. Slike knappar synes eg høyres flotte ut, og eg kunne godt tenkt meg nokre slike. Vi snakka litt fram og tilbake om fasong og påsying, kva som ville vera beste løysinga. Så kom helga og vi tok fri!
Men det vil vel vera feil å seie at May Helen hadde tatt fri? For mandag morgon fekk ei fin lita øskje som det klirra i når eg løfta på ho. Øskja skjulte ein skatt, 22 knappar av gamle myntar, blanke og fine, klar til å syast i eit plagg som dei passar på.
25-øringar, 10-øringar, 2-øringar og 1-øringar, blanke og med flotte detaljar slik myntane var før i tida. På undersida er det lodda på fine auge i sølv til å sy knappane fast med. Mange prosessar skal fullførast før resultatet vert slik som dette.
Det er mange strikkeplagg som vil kunne kle slike knappar. Eg er enno på planleggingsstadiet kva eg skal bruke mine til.

Men ønskjer du deg slike knappar av myntar du har liggande i tølene dine eller kanskje du vil kjøpe knappar? Då må du ta kontakt med May Helen med å klikke på ei av linkane lenger oppe i teksten.
Sjølv ønska ho seg rosa og svarte selbuvottar hos meg, før ho starta med knappeproduksjonen. Første knappen som er sydd fast er no sydd på den høgre votten hennar. med ei hempe på den venstre kan ho knappe saman vottane slik at dei held saman slik par skal!

Til slutt eit lite tankekors. Familiens 9-åring stod og betrakta knappane. Eg tok opp ein 1-øring og fortalde at om vi hadde 100 slike så kunne vi få veksle dei i ei krone. Slike småmyntar er jo heilt ukjente for dagens born.




onsdag 8. april 2015

Pulsvanter i vevstrikk

Kvar månad frå september til april er det temamøter i Os Husflidslag. Hva temaet er kan variere stort, men stort sett alltid interessant og lærerikt. I februar var temaet vevstrikk og vi fekk vite at det var lurt å ta med strømpepinner og garn i tre ulike farger.

Informasjon om teknikken med gode illustrasjoner fann vi i Alt om HÅNDARBEIDE - strikkemagasin nr 21, nr 02/ 2013. Her er det også mønster til ei lekker trøye strikka i vevstrikk.
Mitt prosjekt vart å strikke pulsvanter i Smart. Til det fann eg 3 nøster i garnlageret og pinner nr 4 mm. Eg la opp 44 masker og starta med 2 riller. Sjølve teknikken er lett å lære, men det går seint framover. Litt kompakt og fast vart det, så eg kunne nok med fordel ha brukt litt tjukkare pinnar, Kvar omgang viser lite igjen, så her trengs det nok litt meir tålmodighet enn vanlig.

Ferdig vart eg og her er mine pulsvanter i vevstrikk. Ikkje tatt i bruk enno, vert vel liggende som eit eksempel på ein teknikk som ikkje kjem til å  verte mykje brukt.
Takk for at du ser innom bloggen min, og ikkje minst takk for alle koselige kommentarer. Dei les eg alle og set stor pris på at du tar deg tid til å legge igjen ei helsing. 


søndag 22. mars 2015

Pulsvantar i norsk luksusgarn


I fjor haust var eg så heldig at eg fekk gjort eit raskt stopp hos STRIKKEGLEDE i Hemsedal. Tidlegare har eg gjerne handla hos dei på Lærdalsmarknaden. Dei to trivelege damene 
har no opna butikk i Hemsedal samstundes som dei og driv nettbutikk. 
Eg kan absolutt anbefale ein stopp her om det skulle passe.

Denne gongen fekk eg kjøpt ei lita hespe med norsk luksusgarn. Kasjmirull frå Gol, spunne hosTELESPINN. Eit utruleg mjukt og lekkert garn, drøyt i strikk var det og. Kjekt var det å få 
med informasjon om korleis dei børstar, og ikkje klipper, kasjmirgeitene før garnet vert 
sendt av garde til spinning. Vaskeråd var det også med.

Den vesle hespa mi fann eg ut eigna seg godt til pulsvantar, og mønster fann eg på Ravelry, ESTONIAN LACE WRIST WARMERS. 
Eit gratismønster som eg nok kjem tilå strikke fleire gonger.

Den vesle hespa mi på 33 gram vart nok til 2 par pulsvarmarer med ulik lengde. 
Det eine paret har alt fått ny eigar, ei dame med kunnskap om ull og glede av slike unike fibrar. 
Par nummer to får liggja på vent til ein passande anledning. 

onsdag 4. februar 2015

Sydd overall

Lenge har eg tenkt eg skulle sy ein liten overall i gåve, men har liksom ikkje heilt klart å komma i gang. Endelig er den ferdig og eg er fornøyd! Både med resultatet og med å vera ferdig. Det gjennstår berre å pakka den fint inn og levera den frå meg.

Mønster og stoff har eg hatt liggande etter ein tur på Stoff og Stil i Åsane for ganske lenge sidan. Dette stoffet synest egna seg godt til ein liten kropp, mjukt og godt og med litt stretch i. Størrelsen er vel ca 1 år. Då kan det vera godt å ha noko som tåler ein støyt, slike små likar å kravla rundt på golvet.
Detaljbilde av seler og lomme. Eg sydde mørk grønnturkise stikningar og knappar i same farge.
 
Og hua til genseren i førre blogg er ferdig og alt teken i bruk. HO vart "akkurat sånn som eg tenkte, bestemor". Kjekt å strikka til taknemlige barnebarn.

 Veldig kjekt med alle som ser innom bloggen min!
Tusen takk for alle hyggelige kommentarer.

 


mandag 2. februar 2015

Ønske om snowboard-genser.

Jeg hadde flere ganger snakket om at barnebarnet på 8 år skulle få ny ullgenser hos bestemor. Den han fikk i 2013 var blitt for liten til han, så en ny var det bruk for. Det som han er litt opptatt av er at den ikke må bli for varm, så ensfarget Smart eventuelt mønsterstrikket Sisu var aktuelle garnalternativer.
 
 
En dag låg det noen gamle strikkehefter på salongbordet og han bladde gjennom dem for å se om det var noe stilig der. Valget falt på genseren på bildet over, et sterkt ønske var at han måtte få strikkeluen også. Heftet har nr. 1002 barn fra Sandnes Garn. Denne er strikket i Smart og med bol i Easy på pinne nr. 8. Det var ikke aktuelt, så jeg tilpasset modellen til kun Smart. Hette på strikkeplagg synes jeg er mer i veien enn til nytte, så den vart byttet ut med krage og glidelås.
 
 
For å bevare illusjonen om at dette er en vest med genser inni, strikket jeg en ekstra brun lav halskant som ligger utenpå den med striper. Guten har ventet på at genseren skal bli ferdig og har gjerne sjekket strikkekorgen for å se hvor langt jeg hadde kommet? Gleden var derfor stor i dag tidlig da han kunne prøve den ferdige genseren. 
 
Så nå mangler han bare nok snø til å få brukt snowboardet, for "då trenge eg genseren, bestemor".  Om det ikke blir før så har vi både vinterferie og påskeferie i vente.
Og strikkeluen? Den har jeg på pinnene no.