søndag 22. mars 2015

Pulsvantar i norsk luksusgarn


I fjor haust var eg så heldig at eg fekk gjort eit raskt stopp hos STRIKKEGLEDE i Hemsedal. Tidlegare har eg gjerne handla hos dei på Lærdalsmarknaden. Dei to trivelege damene 
har no opna butikk i Hemsedal samstundes som dei og driv nettbutikk. 
Eg kan absolutt anbefale ein stopp her om det skulle passe.

Denne gongen fekk eg kjøpt ei lita hespe med norsk luksusgarn. Kasjmirull frå Gol, spunne hosTELESPINN. Eit utruleg mjukt og lekkert garn, drøyt i strikk var det og. Kjekt var det å få 
med informasjon om korleis dei børstar, og ikkje klipper, kasjmirgeitene før garnet vert 
sendt av garde til spinning. Vaskeråd var det også med.

Den vesle hespa mi fann eg ut eigna seg godt til pulsvantar, og mønster fann eg på Ravelry, ESTONIAN LACE WRIST WARMERS
Eit gratismønster som eg nok kjem tilå strikke fleire gonger.

Den vesle hespa mi på 33 gram vart nok til 2 par pulsvarmarer med ulik lengde. 
Det eine paret har alt fått ny eigar, ei dame med kunnskap om ull og glede av slike unike fibrar. 
Par nummer to får liggja på vent til ein passande anledning.