Av og til får eg det føre meg at garnlageret kan gje slepp på nokre nøster. Denne gangen var
det labbegarn frå Hjertegarn sin tur.
det labbegarn frå Hjertegarn sin tur.
3 slike nøster kjøpte eg på eit marked på Møn ein feriedag. Falt pladask for det fine fargespelet i
dette garnet. Eg treiv med meg nøster og pinnar og la opp til eit par labbar med falske fletter ein
gong eg var på besøk hos eit vennepar. Men eg var nok litt gniten med masketalet, det vart litt for smalt til labbar. Men kva gjer det? Eit par pulsvantar med tommel vil ho sikkert ha.....
dette garnet. Eg treiv med meg nøster og pinnar og la opp til eit par labbar med falske fletter ein
gong eg var på besøk hos eit vennepar. Men eg var nok litt gniten med masketalet, det vart litt for smalt til labbar. Men kva gjer det? Eit par pulsvantar med tommel vil ho sikkert ha.....
Og det ville ho, datter vår som jobba på kontor. Deilig fram over fingrane når PC'en skal brukast. Men det var mykje garn igjen, så då kom det nye labbar på pinnane.
Eg fekk ei herlig strikkebok med sokkemønster av ei venninne, og den plukka eg fram.
Her valde eg eit mønster kalla RUMPLED! Å strikka etter engelsk møster gjer eg innimellom rett
og slett for å prøve å holde kunnskapen ved like. Dette mønsteret var veldig greit å strikke etter og størrelsen var fin. Det påstod i alle fall dattera som tok på eine labben og la foten opp på spisebordet for å demonstrere at dei måtte høyra saman med pulsvantane.
Med rosande klingande i øyrene og eit stekt ønske om å få begge para, både labbar og pulsvantar, smeltar eit morshjerte.
Ferdig med dette har eg enno igjen litt garn, men det får liggja ei stund til. På pinnane har eg ein barnegenser, men det går ikkje så fort. Treng litt avveksling til strikkinga no for tida. Men arbeidslaus er eg ikkje. I tølene låg ei halvferdig forklebord til bunad. Teknikken er dobbel uttrekkssaum. Her har eg arbeid lenge.... men heldigvis ikkje noko tidspress på meg.
Veldig kjekt med dåke som ser innom bloggen min, kjenner på meg at nok er tilbake til denne bloggen for det meste. Kanskje ein og annan liten blogg på Woolspire kan det bli og.