Sjølv om det er ei stund til april har eg byrja strikke til den vesle prinsessa som er i vente. Eit lunt teppe i ull er godt å kunne pakke rundt ein liten kropp heile året. Eg har strikka eit i Hjerte frå Hillesvåg ullvarefabrikk på p inne nr 3. 297 gram garn gjekk med til dette teppet, men då har det ganske god størrelse og, 90 * 70 cm.
Hjerte er eit av mine favorittgarn i superwashkvalitet. Synes det nuppar lite, er passe mjukt i bruk utan å verta slaskete og drøyt i strikk. I tillegg har det utruleg flotte fargar hos Hillesvåg, berre sjå fargekartet .
Mønsteret til teppet fann eg i Sandnesgarn sitt mønsterhefte 0514 Barn 0 - 14 år. Synes ofte at det er få plagg som kan brukast i eit hefte, men her har eg strikka fleire sett og gitt i gåve. Då brukar eg gjerne Lanett frå Sandnes. Hjertegarnet er litt tjukkare, kan brukast i staden for Sisu eller Daletta i plagg.
Elles er eg fornøyd med å ha strikka nokre små labbar av restegarn. Slike smårestar som vert lagt til side har lett for å ikkje verta brukt her i huset. No fekk eg tre par som kan gjevast i gåve eller verta gevinstar saman med noko anna på ein basar.
Hei,
SvarSlettHeilt nydelig teppe du har strikka. Slike ullplagg kan brukast heile året...kjempegode.
Lestane dine såg gode ut og dei var i fine fargar.
Teppet er aldeles nydeleg, så fint mønster!
SvarSlettDet er veldig greit å nytte restegarn til sokker, fine farger du har brukt.
Det hjertemønsteret har eg ikkje sett, kjekt å sjå noko nytt! Og gratulera, for eg reknar med at det vetla som er i vente er barnebarnet ditt?
SvarSlettHerlege små sokkar, slike kjem alltid med. Kjøpesokkar kan ikkje samanliknast med god, heimestrikka kvalitet!
Så nydelig hjertemønster :) kjempefint teppe Åshild, og søte sokker/labber, så flink du att! :)
SvarSlett