lørdag 21. april 2018

Restestrikk i ferien

Å pakke strikkeveska til ferien, og då snakķar eg om 4 veker eller meir, blir gjort med litt planlegging og litt på impuls hos meg. Må tilstå at det er betydeleg omfang på veska, sydd etter mål for å kunne plasserast under eit sete i bobilen der det var egna plass for ho. Det ho oftast inneheld er:
  • strikkepinnar som eg trur eg får bruk for saman med anna nødvendig strikkeutstyr 
  • garn til planlagde prosjekt, det vil seie to genserar til meg sjøl. Dei skal eg komma tilbake til i ein seinare blogg. 
  • litt restegarn som eg kunne tenkt meg å nytta. 
  • litt garn frå kjøp eg angrar på får og vera med. 
  • gjerne noko garn som eg har kjøpt fordi det berre lokka på meg, ekstra lekker kvalitet eller farge. 
 No har vi vore vekke i vel fire veker, temperaturane og veret har skifta, så utelivet har vore litt begrensa. For meg, som må ha noko i fingrane, vart det mykje tid til strikking.


Av garn som eg synest er nydelig har eg strikka eit sjal. Var i utgangspunktet tenkt å strikke trekantsjal, men det vart eit langt i rillestrikk. Garnet er handfarga merino, Zitron Blickfang, eit garn som kom til sin rett i rillestrikking på pinne nr 6. Dette er eit garn eg har kjøpt i Kappeln, Tyskland for fleire år sidan og godt å få brukt.


Restar nok til eit par vottar, Dale Falk, var oppi ein liten pose. Mønsteret er eit gratismønster frå Sandnes. Eigentleg er mønsteret til kjærastevottar, men hos meg vart det ein liten damevott.


I ein pose var det fire restar med Rauma PT 5, det rakk akkuret til vottar str 3 år og to par labbar skostørrelse 29 og 36.


Eit liten rest med tynt labbegarn vart til eit par barnelabbar str 24. Her har eg notert meg ned både masketal og mål, slike restar er det alltid godt å nytta. Dette er garn med 420 m /100 gr, så det er gode labbar oppi små sko.


I haust var eg på fabrikkutsalet til Solberg spinneri. Der fall eg for fristelsen til å kjøpe Schchenmayr Bambino bomullsgarn. Det gjer eg nok ikkje igjen, synest garnet delte seg lett og var veldig statisk. No er eg fornøyd med neg sjølv, garnet er strikka opp i klutar og er komme til nytte.


Og til slutt eit bilde for korleis eg håpar neste ferie blir, det er vel dette som er draumen, kunne sitje ute i sola med strikketøyet. Håpar vi alle får mange slike dagar framover! 😊



7 kommentarer:

  1. Toppers fine produkt! Synes å lesa innlegg frå både labbar og klutar om opplevelsen, dei har hatt om sin tilblivelse!??!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Linda! Du veit det er bereiste små plagg dette her!🤣🤣🤣

      Slett
  2. Så flott sjal du har strikket. Loddene, vottene og klutene var kjempefine.
    Flotte ting du har strikket.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for koselig kommentar 😊

      Slett
  3. Sååå mykje flott du har strikka på turen, imponerande! Det er godt å ha noko å halda fingrane opptatt med, sjølv på ferie ;-)

    SvarSlett
  4. Tusen takk, Wenche 😊. Er heilt nødvendig å pusle med noko for å halda fingrane mjuke🤣

    SvarSlett
  5. Åshild du Åshild :) de nydeligste håndarbeider fra deg - får inspirasjon til å skrive blogg igjen jeg også nå, ei stund sia sist. Ønsker deg god sommer :)

    SvarSlett