onsdag 27. juni 2018

Restestrikk til yngstemann

Strikk til yngste barnebarnet er greitt når det skal ryddast i garnlageret. Kjekt å få brukt garn som har lagt ei stund eller som er igjen etter andre prosjekt. Plagg i str 3 -4 år krev ikkje så mykje garn heller.

To turkisblå nøster var igjen etter ein genser eg strikka til meg sjølv i vår, saman med to nøster i kittfarge vart det ein liten sommargenser til sjarmøren vår. 10 cm var igjen etter siste turkise stripa, så då måtte det bli lys halskant. Garnet er Sandnes tynn merino,  deilig i bruk til ein liten tass.

Som fotomodell må tilbehøret på plass, guten sjølv sprang rundt for å finne caps og solbriller.

På tilbud fann eg nokre nøster Cool Wool Merino i ein sennepfarge, planen var å kombinere dei med lilla i ein genser. Denne planen vart skrinlagt, og no er dei blitt bukse og genser til sjarmøren vår. Brukte opp alt, men mangla litt på bærestykket.  2 restar med offwhite og litt beige kom her til nytte.

God i størrelsen, så her vil han kunne halde seg varm heile kommande vinter. Hans kommentar, fin bestemor 😍

5 kommentarer:

  1. Herlig sjarmør i fine strikkaplagg!

    SvarSlett
  2. Det ser ut som ein fornøgd gut med flotte strikkaplagg :)

    SvarSlett
  3. Flotte arbeider du får ut av restegarnet ditt!
    Artig å lese reaksjonen til veslegutten ;-)

    SvarSlett
  4. Så heldig sjarmøren dykkar er som har ei bestemor som strikker så mykje fint til han! Og så kjekt når guten liker det han får :-)
    Fortsatt god sommar til deg og dine!

    SvarSlett
  5. Åh, du lager jo så mye fint og flott Åshild - ikke mer å si om den saken ;o) fortsatt god sommer kjære du

    SvarSlett