torsdag 10. april 2014

"Blonde" og "Shaggy Tassel Scarf Pattern"

Gode venninner veit å gleda ein med gåver som fell i smak. To slike gåver vil eg dela me dåke no når eg har hatt gleda av å strikka dei. Gleda over dei vil eg ha lenge, for gode i bruk er dei begge.

Først til eit nøste "Fin" frå "Du store alpakka", og fargen var selvfølgelig nydelig lilla. Saman med nøstet var det 2 mønster til pulsvantar. Eg valde å strikka "Blonde" av Pinneguri, eit gratismønster du finn på Ravelry.

Eg likar pulsvantane litt lange, la difor opp 40 masker på pinne 2,5 mm. 5 mønster passa perfekt i vidda til meg i dette garnet. Deilig garn, flott farge og fint design gjer at desse pulsvantane kjem til å verta mykje brukt.

Den andre gåva var ein kit frå Adeles Mohair i Sør-Afrika. 3 nøster med deilig mohair bouclegarn, 2 stykker med ferdige frynser og eit mønster. Og frynsene var av ulike garntypar og kvalitetar. Lilla i ulike nyansar gav dei eit fint fargespel.
Sjølv om bouclegarn ikkje er av dei raskaste å strikka, gjekk det greit å strikka sjalet. 30 masker fram og tilbake i rillestrikk krev ikkje mykje tankeverksemd. Likevel måtte eg ta opp ein del. Utruleg kor fort maskene forsbvann, 30 masker vart til 27? Måtte no litt konsentrasjon til likevel.
Men resultatet er eg svært fornøyd med. Eit varmt og godt sjal med god lengde og fylde. Kanskje meir eit utesjal enn eit ein brukar innendørs. Men jammen er det godt med noko lunt i halsen. På klehengaren kjem det gjerne litt betre fram korleis størrelsen er. Fargen er vel ein stad midt i mellom dei to bilda.
Tusen takk til dåke som ser innom bloggen min, sette veldig stor pris på desse besøka. Vil ønskja dåke alle ei riktig god påske!

onsdag 2. april 2014

Veving på vent - no er våren her!

Eg likar godt å veva, men det går litt i bølgjer. Dessuten er det vanskeleg å rekka over al teg vil. Der eg har vevd litt i det siste er i vevgruppa i husflidslaget. Vevgruppa er ein triveleg møtestad der vi er saman mandag på dagtid og torsdag på kveldstid. Det er då mogeleg for alle å delta, sjølv om ein er i arbeid.

Men trur eg må seia at mandagsøkta med ein god felles lunsj er ei av høgdepunktene i veka. Det å sitja over eit deilig "smørremåltid" og drøsa om alt og ingenting er herlig saman med trivelege damer. Å laga lunsj går på omgang, så vi får vera gjester mange gonger mellom kvar gong vi lagar til.

Det siste eg har vevd der er ein løpar med lilla lin i innslag på lys grå renning. Har tenkt dette som ein adventsløpar til spisebordet. Veit eg er ute i god tid, men kan ikkje klippe ned løparane ein og ein. Men når våren, ein god sommar og fin haust er over, då skal denne løparen ferdigstillast.
Noko av det som er veldig fasinerande med veving er at same renninga kan gje forskjellig resultat når ein bruker forskjellig innslag og trøing.

Under er det løparar frå den første renninga til løparar eg sette opp på veven heime. Det er ei raud cottolinrenning med naturfarga striper og med lin til innslag. I innslaget har eg brukt litt ulik type naturfarga lin  i tillegg til raudt.
På vevgruppa i husflidslaget sette vi opp same renninga i kvit og naturfarga cottolinrenning med svarte striper. Her slo vi oss meir laus med innslagsfarge og trøing, og første nedklipp kan du sjå under.
Og eg tilstår, eg er svært fornøyd med min løpar. Kjekt å ha den liggjande på salongbordet!
No gleder eg meg til det igjen vert ein ledig vev i vevgruppa, så eg kan prøve meg på noko nytt. Elles er jo målet å setja opp ei ny renning heime til hausten. Er liksom ikkje like freistande med veving no når våren er her.

tirsdag 1. april 2014

Ei lita maskinstrikka jakke

Å strikka på maskin er nok ikkje så enkelt som eg trudde, men læra det skal eg. Må seie sjølv at eg er rimeleg tolmodig, og det kombinert med litt staheit så må eg vel lukkast. For ikkje å leggja for mykje til, heng gjerne tolmodigheita saman med handarbeidsinteressa.

Å strikka på maskina går greit, det er berre å føra "sleden" fram og tilbake, det. Men så skal det aukast, fellast, strikkast mønster, moglegheitene er mange.......

Men det er då det gjerne skjer, arbeidet hoppar av og ligg på golvet eller masker raknar nedover eller..... eller........

Har sikkert ikkje gjort alle nødvendige erfaringer enda. men eg vil påstå at eg lærer av feila mine. Likar jo ikkje å starta på nytt opptil fleire gonger for å strikka ei lita jakke? Men no er jakka ferdig og tatt i bruk. Synes sjølv ho vart ganske fin, pynta ho med knappar eg kjøpte i Cognac, Frankrike sist sommar! 
Tenkte dei kunne vera til eit lite plagg til den vesle prinsessa vår
Synes den vesle klehengjaren som jakka heng på er søt. Det er ein frå min mann sin barndom, handmala og forseggjort. Kjekt å kunne ta vare på slike gamle ting og bruke dei.

For å øve på auking og felling strikka eg eit trekantsjal av nokre restar Kauni. Maskina tok dette garnet greit, så her skal nok garnlageret krympast litt til hausten. Liksom ikkje årstida for store prosjekt enno. 

På ein garnbutikk fekk eg til råd at Kauni ikkje skulle vaskast, for det krympa????? Det synest eg høyrdest rart ut når det står 30 grader handvask på bandolæret. Dei meinte det var betre å gje plagget eit oppkok i reint vatn, eventuelt med ei teskje eddik fro å binde fargen. Det er viktig at plagget ligg heilt i ro og at det vert avkjølt i vatnet før det vert rulla inn i handdukar. 
Plagget skulle då verta mjukt og godt. 

Dette rådet prøvde eg på dette sjalet, og må sei at resultatet vart bra.