tirsdag 1. april 2014

Ei lita maskinstrikka jakke

Å strikka på maskin er nok ikkje så enkelt som eg trudde, men læra det skal eg. Må seie sjølv at eg er rimeleg tolmodig, og det kombinert med litt staheit så må eg vel lukkast. For ikkje å leggja for mykje til, heng gjerne tolmodigheita saman med handarbeidsinteressa.

Å strikka på maskina går greit, det er berre å føra "sleden" fram og tilbake, det. Men så skal det aukast, fellast, strikkast mønster, moglegheitene er mange.......

Men det er då det gjerne skjer, arbeidet hoppar av og ligg på golvet eller masker raknar nedover eller..... eller........

Har sikkert ikkje gjort alle nødvendige erfaringer enda. men eg vil påstå at eg lærer av feila mine. Likar jo ikkje å starta på nytt opptil fleire gonger for å strikka ei lita jakke? Men no er jakka ferdig og tatt i bruk. Synes sjølv ho vart ganske fin, pynta ho med knappar eg kjøpte i Cognac, Frankrike sist sommar! 
Tenkte dei kunne vera til eit lite plagg til den vesle prinsessa vår
Synes den vesle klehengjaren som jakka heng på er søt. Det er ein frå min mann sin barndom, handmala og forseggjort. Kjekt å kunne ta vare på slike gamle ting og bruke dei.

For å øve på auking og felling strikka eg eit trekantsjal av nokre restar Kauni. Maskina tok dette garnet greit, så her skal nok garnlageret krympast litt til hausten. Liksom ikkje årstida for store prosjekt enno. 

På ein garnbutikk fekk eg til råd at Kauni ikkje skulle vaskast, for det krympa????? Det synest eg høyrdest rart ut når det står 30 grader handvask på bandolæret. Dei meinte det var betre å gje plagget eit oppkok i reint vatn, eventuelt med ei teskje eddik fro å binde fargen. Det er viktig at plagget ligg heilt i ro og at det vert avkjølt i vatnet før det vert rulla inn i handdukar. 
Plagget skulle då verta mjukt og godt. 

Dette rådet prøvde eg på dette sjalet, og må sei at resultatet vart bra.


4 kommentarer:

  1. Jakka er kjempesøte! Likte det mønsteret og knappane du har pynta med. Takk for rådet om Kaunigarnet. Eg har gitt vekk mitt sjal i Kauni- syntes det stakk for mykje mot halsen. Liker fargane då. Lykke til med vidare maskinstrikk! Liker å følge med på arbeidet ditt!

    SvarSlett
  2. Kanonfint mønster på jakken, og det vart stilig med knappane. Veit nå ikkje heilt om eg trur på deg når du seier at du ikkje har fått heilt dreisen på strikkemaskina. Jakken vitnar liksom om det motsatte!

    SvarSlett
  3. Strikking på maskin har eg aldri vore borti, knapt sett ein... Du har fått dreisen på det, ser eg.
    Jakka er kjempefin, og så festlige knappar du har brukt!
    Eg må sei det høyres skummelt ut å koka kaunigarnet! Men du har bevist at det går bra, fint sjal :)

    SvarSlett
  4. Visst har du fått dreisen på strikkemaskinen!! Flotte strikkearbeider du har levert så langt :))
    Personlig og søtt med knappe-navnet på den nydelige jakken!

    SvarSlett