mandag 11. mars 2013

Siste babyprosjekt i denne omgang!

Ei venninne tipsa meg om eit flott vognteppe/babyteppe i eit Raumahefte, eit teppe med mange fletter. Tusen takk for tipset Rigmor! Dette var midt i blinken for svigerdatter vår, ho synes flettestrikk er nydelig. Mønsteret er i  mønsterheftet Baby 075 R.
Den vordende mamma, som det heiter, fekk vera med å plukke ut garn til teppet. Det er strikka i dobbelt garn, ein tråd Rauma babygarn og ein tråd Plum på pinne nr 4. Størrelsen på teppet vart god, så det kan nok og brukast i bilstolen og til koseteppe. Ganske raskt å strikka med så tjukke pinnar til tross for alle flettene, til dels på alle pinnane på retta skulle det flettast eller masker flyttast.
Her er eit detaljbilde av flettemønsteret. Flettene er dei same som den søte genseren på framsida av mønsterheftet. Kanskje eit prosjekt seinare?  Fargen er nok litt meir rosa enn her på bildet, den vil bli lekker på den flotte mørkbrune vogna dei har kjøpt. Gleder meg til eg kan ut å trille den vesle prinsessa om ei stund, blir nok ikkje før godt ut på våren.

fredag 8. mars 2013

Hentesett ei prinsesse verdig!

Tida for at vi skal få eit nytt barnebarn nermar seg, sjølv om det er nokre veker att. Like spennande kvar gong når fødselen nermar seg. Eg er så heldig å få strikke eit hentesett til den vesle prinsessa vår. Mammaen har vore med å plukka ut mønster og garn. Synes det er ekstra kjekt å strikke noko eg veit dei ønskjer seg og som vert brukt.
Mønsteret som vi plukka ut er henta frå SandnesGarn sin temakatalog nr 24 med hentesett og babytepper. I mønsteret var settet strikka i litt sterk rosa, eg har strikka det i ein dus litt gammalrosa farge. Likte fargen betre og betre etter kvart som eg såg den i strikk, trur den vert lekker på ei lita jente. Mønsteret var greit å strikka, men litt småendringar har eg no gjort som vanleg. La opp eit mønster ekstra på mønsterfeltet som eg felte ved overgangen til rettstrikk. Mønsteret hadde også isett arm med strikka armtopp, eg bytta den ut med ei raglanfelling. På babyjakkar synes eg raglan- eller rundfelling absolutt gir best passform.


Også labbane var veldig vide rundt leggen. Her tok eg bort ein mønsterraport ( 13 masker), då synest eg dei såg mykje passelegare ut.

No gleder eg meg til å sjå settet på, men vi må nok smørje oss med tolmod. Prinsessa vår har det nok absolutt best der ho er i mamma sin mage ei stund enno!