tirsdag 13. mai 2014

Labbegarn og labbestrikk

Når vi er ute å køyrer bubil er det greit med eit strikketøy. I alle fall for meg som er sidemann, og kan ha hendene fri til å gjera det eg vil. Då vi drog på to vekes påsketur var det i hovudsak labbestrikk som stod på planen. Det er lett på nevane og passeleg utfordrande når ein og skal følgja med kva som skjer rundt ein. Dessuten er det alltid greit å ha nokre par på lur til gåver. 
Denne boka til Bitta Mikkelborg er eg vorten svært glad i, den vart derfor med som mønstersamling. Passande pinnar i ulike størrelser vart og med i strikkeveska. Men før eg kunne starta labbestrikkinga, strikka eg ferdig ei lita kåpe. Den får dåke sjå i ein annan blogg, for eg er innimellom litt treg med monteringa.
Første paret med labbar starta eg med etter at eg hadde fått handla garn på, sjå bloggen salg hos Wollmeise. Det var vanskeleg å velja mønster og garn. Men eg hamna på dette mønsteret, "Ginas sokker". Garnet er Wollmeise Twin, 80% merino og 20% polyamid. Brukte pinne nr 2,5 mm. Vel ferdig medd det paret fann eg ut at det var sikkert nok garn til eit par til av dette garnet. Ein bunt er 150 gr, så eg gjekk på med friskt mot.
Valget denne gangen vart "Røff og tøff", framleis strikka på pinne 2,5 mm. På slutten strikka eg for harde livet. Det minka litt fortare på garnet enn eg hadde tenkt, av og til føler eg at garnet rekk litt lenger om eg strikkar fort. Men litt knapt vart det i fellinga likevel, labbane vart difor maska saman på tåa halvvegs ute i fellinga. Kunne kanskje rekt opp og strikka dei nokre få omgangar kortare, men eg er no litt tverr på tåa eg og.
Det neste garnet som måte prøvast var eit fleirfarga meisegarn av typen Twin det og. Mønsteret denne gangen vart og "Røff og tøff". Men dei vert jo litt forskjellig med så ulik innfarging av garnet. Synes dei sterke og klare fargane på meisegarnet er fantastiske, er jo litt spent på slitestyrken på dette labbegarnet.
No var vi komen så langt ut i ferien at handel i Flensburg står for tur. Her er det eit par butikkar som sel labbegarn av merket Lana Grossa. Det er polyamidforsterka garn av ull eller merino, 4 eller 6 lagt og med svært mange fargesjateringar. Den eine butikken har strikka opp prøver av det fleirfarga garnet, det gjer det lettare å velja garn ein likar. Som det ser fekk eg med meg nokre nøster av favorittlabbegarnet mitt denne gangen og. Eit par heklenåler og nokre knappar vart ogmed i posen.
Eit nytt garn var då komen i mine hender og måtte prøvast, Lana Grossa sit Meilenweit, 6 lagt. Dett er eit litt tjukkare garn som kan strikkast på pinne 3,5 mm. Mønsteret eg valde skulle vera "Fergemannen" Strikka brotet og byrjinga av mønsteret på ferga mellom Hirtshals og Kristiansand. Såg godt på mønsteret før eg gjekk opp i salongen, men huska feil. Dei vrange maskene mellom flettingae gjekk i gløymeboka. Skulle nok ikkje vore så lat, men tatt boka med opp.
Ei oppsummering av feriens labbestrikk.
Til slutt eit bilde av ei vindusutstilling hos ein garnbutikk i München. Var inne i butikken og såg, men kjøpte ikkje noko her. Vil likevel dela dette bilde, utstillinga kjem ikkje heilt til sin rett pga av gjennskin i vindauge.

Ønskjer dåke alle ein fin dag!

mandag 12. mai 2014

Mai er bunadsmånaden.

Sist veke vart det ikkje strikka mange masker her i huset, enda kor det klør i fingrane etter å ta strikkepinnane fast. Nei den veke gjekk med til å sy ferdig bunaden til barnebarnet på 8  år. Eg spurde fleire gonger om han ville ha bunad, og det ville han. Eg likar ikkje å gå i gang med slikt storarbeid om ikkje stasplagget vil verta brukt.

Prosjektet vart starta i haust, då eg gjekk på kurs i bunadsmontering i Os Husflidslag. Med god instruksjon gjekk eg i gang med å sy ny bunadsvest og bukse til guten. Den han hadde brukt, gjekk no i arv til broren på 3,5 år. Og dette skulle vera ein bunad som er heilt lik den dei vaksne brukar, ikkje noko forenkla variant nei! Det vil seie at eg ikkje syr jakke, men resten er greit.

Så lenge ein går på kurs går det stort sett greit, både med eggebånd, mellomfòr, passepoilerte lommer og hestehårsduk. Slike kurs er også svært sosiale, det er kjekt å verta kjent med nye folk. Auka kunnskap om bunadane i bygda får ein og, så eg stortrives når dette står på.

Men det er eit men og. Eg vart ikkje heilt ferdig. Bunaden mangla knapphol, knappar og siste "finishen", og det er den eg sat med i førre veke. Det er aldri eit godt teikn når det freistar meir å ta støvsugaren fatt enn å setja seg ned med handarbeidet. For det er handsydde knapphol det er snakk om, 36 stykker i talet. Mange av dei har til og med regels i ein kontrastfarge, men skal det vera  - ja så skal det vera !!!!
Her ser de detaljbilde av knapphola og knappane ved kne. Grøne knapphol med raud regels. 4 på kvar for, det nederste er bretta opp slik at det er litt å veksa i. Godt å veta at når buksa skal leggjast ned så er det berre å spretta falden, og dampa. Buksa er nemleg falda 2 gonger alt.
Vesten er raud med grønt midtstykke. Det skal illudere at det er 2 vestar, ein raud og ein grøn, slik dei brukar i Fana. Knappar og knapphol er det på begge deler. Klokkelomma har ein grøn rolourkant rundt lommeklaffen. Bortsett frå oppe på buksa er alle knapphol sydd i kontrastfarge til stoffet, det krev ekstra nøyaktigheit,
Kragen har grøne spissar og grøn rolourkant, dei nøyaktige stikkningane frå spiss til spiss kan heldigvis syast på maskin. Ryggen er fiskebeinsvevd kraftig ubleika bomullstoff.

Buksa er det vi kallar ei "lokabrok", utan gylf men med klaff som vert knappa opp med 5 knappar. Under klaffen er det 2 passepoilete lommer, det treng ein gut for å sikre at "ispengane" er trygge 17. mai.

Slik ser vest og bukse ut på gute/herrebunad frå Os i Hordaland. Bunaden er av dei som kom til rundt 1900 og har mange fellestrekk med andre herrebunader på desse trakter. Eigentleg burde dåke fått sett bunaden på. For skjorta er og ferdig, sokkar og sokkeband har han frå før, så alt er klart. Kanskje eg kan lure meg til eit bilde på 17. mai.

Tusen takk til alle dei som er så kjekke å les bloggen min, no skal eg kose meg med strikketøy og ein kopp te. Ønskjer dåke ein fin dag!

søndag 4. mai 2014

Garnsalg hos WOLLMEISE

På gamle trådsnella vart eg introdusert for omgrepet "meisemamma"? Kva det var gjekk ikkje opp for meg med ein gong, men så fann eg nettadressa til denne nettbutikken Wollmeise. Og for eit fargespekter som møtte meg, og eg er glad i dei klare og sterke fargane. Garn til 2 tunikaer ( + litt ekstra) har eg kjøpt på nett frå dei, like fornøyd kvar gong.

Via FB-sida deira fekk eg veta at dei skulle ha salg i påskeveka, garn med litt feil fargesjateringar til redusert pris! For dei fargar garnet dei sel sjølv, og dei stiller store krav til det produktet dei skal levera. Starta umiddelbart å drøyma om å få nå dette salget, tenk kva eg då kunne kjøpa utan frakt og toll?

Påskeferien i år har vore utvida med ei veke, og den skulle vi nytta til å reisa med bubilen sørover Tyskland, og München og Bodensjøen var nokre av måla våre. Og Pfaffenhofen låg då på ruta, i alle fall ikkje langt unna. Eg vil ikkje sei eg "bad på mine kner" men eg la nok inn eit ganske sterkt ønske om at dette var viktig for meg!

Tysdag i påskeveka kom vi fram til menighetshuset dei hadde leigd til salet. Her var det slett ikkje godt å få parkere ein stor bobil, smale trange gater i ein liten landsby? Med feilparkert bil bak presten sin bil sette mannen seg til å venta på meg. Uten kommentar om at dette var vanskeleg, eg var nok mykje meir bekymra enn han over denne parkeringa?
Inne vart eg møtta av mange hyller fulle av garn i dei flottaste fargar sortert etter fargar og kvalitetar.
Å ta bilder her av hyllene utan å berre få ein masse ryggar som stod og studerte garn var ikkje lett, kvaliteten vart derfor litt "so som so". Men drøym dåke litt vekk likevel, det gjorde alle dei som var der? Og her var det masse folk, det verka som dei kom i grupper saman og at dette var ei kjærkommen utflukt saman med likesinna. Må tilstå eg følte meg litt åleine og fortapt innimellom alle hyllene, eg snakkar desverre ikkje tysk. Lærte litt på ungdomskulen for 40 år sidan - men det er gått i gløymeboka.
Likevel har eg ein stor skatt i denne posen. 5.5 kg meisegarn, fordelt på litt ulike kvalitetar. 
Her ser du haugen av meisegarn saman med litt anna garn kjøpt i Flensburg på vegen heim.

Sokkegarnet TWIN som er deilig å strikke med vart brukt alt på turen, 3 par labbar er ferdige. Ei hespe på 150 gr rakk til 2 par damelabbar. Brukar pinne 2,5 til dette garnet.

Av PURE som er eit reint merinogarn skal det bli jakker og gensarar. Har ein plan for det meste av garnet og litt som kan nyttast i kombinasjon om det vert at restar. Dei vart nok plukka ut frå fargespekteret i dei har. Her er det mykje garn, 150 gr i kvar hespe . Pinne 2,5 og 3

I DK, som kan strikkast på pinne 4 kjøpte eg til 2 jakker, ei til meg sjølv og ei til datter vår. Synes du det er få hesper, kan eg sei at det er 200 gr i kvar, så det er meir garn her enn det ser ut som.

Trur dei fleste som er garnavhengig forstår at dette var eit vellukka besøk? På grunn av parkeringa fekk eg nok ikkje ro på meg til å nyta besøket slik eg burde, men eg vart litt overraska når manne utbraut "er du alt ferdig, eg tenkte eg skulle sjå på noko meir eg." Kan nok bli garnsalg fleire gonger på meg. Det vil seie eg handla no litt meir garn på turen og, det får koma i ein seinare blogg.