Viser innlegg med etiketten symaskin. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten symaskin. Vis alle innlegg

lørdag 2. juli 2016

Prosjektposer og stolvesker.

Når eg først kom meg i gang med symaskina, vart det fort gjort litt meir. Og då tenkjer 
eg ikkje på reperasjoner, som er det kjedelegaste eg veit. Heller ikkje skitnetøyposar til 
bubilen er noko "å skriva heim om". 

Nei eg har kosa meg med å sy nokre prosjektposar
 og vesker til solstolen i bubilen. I vår, då eg var på rehabilitering, fall eg 
for fristelsen å kjøpa litt bomullsstoff. Det er rart kor lett det er å handle i godt 
selskap og med gode tilbod.

Det første eg laga var to vesker til å knappa på solstolen i bobilen. Kjekt å sleppa 
å ha ting ned på bakken, men få det godt opp. Må tilstå at vi kjøpte ein 
modell i grå plast, av den kjedelege typen, på ferie i april.
 Med litt omarbeiding vart min modell sjåande slik ut.
Den er vattert med vanntett bordfilt og vrangsydd. For å få litt meir fasong har eg stiva lomma av 
ved å tre 2 gardinspiraler inn i ein løpegang. Ytterst er det ei tredelt lomme til mobil eller 
andre småting. Desse to veskene vart sommergaver til gode tur- og strikkevenninner.
Neste prosjekt var fleire poser til å ta med strikketøyet i. Her har eg forska litt på korleis 
eg vil dei skal sjå ut framover. Det er no komme lommer innvendig til mønster eller småting. 
Nokre er vatterte, andre ikkje. Å få beste løysinga på glidelåsen er det eg no prøver ut. 
Den med snøring vart bleiepose i stelleveska til familiens minste. 
Denne er ikkje vattert. Det er jo greit når ein skal pakke, tar litt mindre plass då. 
Samstundes ser eg at den kanskje vert litt slapp i fasongen.
Denne løysinga trur eg at eg må utforske litt meir. Vattert og med litt firkanta fasong oppe, 
den er grei å ha nøstet i når ein sitt og strikkar. 3 lommer innvendig er greit til småting 
som skal vera lett tilgjengeleg.

Skal eg fortsette med denne produksjonen må eg vel ut på markedet med dei. 
Begrensa kor mange eg har bruk for, men kjekke å sy er dei. Det vil seie at ein del av 
desse har alt funne nye eigarar.

God sommar til dåke som stikk innom her! 

Helsing Åshild



mandag 27. juni 2016

Kosetid ved symaskina.

Innimellom nyt eg å setja meg til symaskina. Sitja å putla med litt forskjellig, 
noko som er sjølvvalgt og noko det er kome ønske om. Det vil seie at det er sjølvvalgt
 å oppfylle ønska og! Denne gongen var eg slett ikkje vanskeleg å be. 
Når det nermar seg tid for at eit lite barnebarn skal bli født, 
er det stas å bli spurt om ei teneste.

Denne gangen var det behov for nytt trekk på stellebordet. Vi vart samd om at 
voksduk kunne egne seg som trekk, lett å vaske og halde rein. For ei strikkeglad 
bestemor vart voksduken med sauer eit sjølvsagt val. Fornøyd med resultatet 
vart eg og.
Det var også ønske om eit "babynest" eller babyreir på godt norsk. Eg var heldig 
å få låne eit mønster frå ei venninne. Hos Tonje er det mange flotte stoff å velge mellom, 
eg falt for to nøytrale. Som fyll brukte eg ei gammal dyne, vaska på 60 grader og
 tørka i trommelen. Resultatet vart både mottakar og eg fornøyd med. 
Her kan du sjå korleis mitt babynest vart sjåande ut! Og den fine vogga er det 
pappa min som har laga, den vart ferdig for snart 12 år sidan 
då første oldebarnet kom til verda.
Godguten, barnebarn nr 5, ligg her og søv i babyreiret med eit berre eit teppe 
strikka i Dale babygarn over seg. Like stort kvar gong eg vert bestemor. Det å få 
kose og stelle med dei små, få følgja med korleis dei utviklar seg. 
Kan livet bli betre?
Tusen takk til deg som ser innom bloggen min. 
Kommentarar vert lese og vert sett pris på.

Eg ønskjer alle ei flott veke, vonleg med godt sommarver for dei fleste.

Helsing Åshild