onsdag 4. november 2015

Strikka boblehuer og tovevottar

Ei venninne i husflidslaget introduserte meg for huer i boblestrikk. Denne teknikken synest eg såg festlig ut og måtte prøvast. Har oppdaga at det finnes mønster på både engelsk og norsk til desse huene. Det norske kan du finna her, det er MALSEN OG MOR som raust deler dette mønsteret. Den engelske versjonen kan kjøpast på Ravelry, sjå her.

Mi første boblehue strikka eg i 2 fargar. Det vil seia at 1. og 6. omgang vart strikka i kontrastfarge. Eg brukte PT 5 Sport på pinne 3 og 3,5 mm. Eg måtte ta oppatt litt og gløymde auke ut andre gongen, 
huo vart dermed litt liten og passar nok ei lita tulle på ca 1 år.

Fann ut at eg og skulle strikke huo i einsfarga garn i voksen størrelse. Her brukte eg 
Sandnes Alpakka på pinne 3 og 3,5 mm. La opp 112 masker som eg auka ut til 120. Størrelsen er god så eg håper eg finn nokon som kan tenke seg å bruke denne huo. 
Boblestrikk er kjekt å strikka men eg trur at det egnar seg best i fargar som det er lett å sjå maskene og telja omgangane på. Kjem nok gjerne til å strikka fleire slike huer.
Tovevottar er tingen for kalde fingrar. Dette stod klart på ønskelista for familiens femåring. Dei måtte vera blå, for det er tøffast. Bestemor bestemte at nokre striper gjer at dei er lettare å kjenna igjen og halde saman som par. Første forsøket passa storebroren på 9 år perfekt, til stor sorg for minstemann.
Då er det berre ein ting for bestemor å gjera, hiva seg på strikkepinnane å laga eit par til som er litt mindre. Dei vart slik dei skulle! Vottane er strikka i Ask - Hifa 2 på pinne nr 5 etter eie mønster. Dei er tova på 40 grader saman med ei dongeribukse.

Til slutt må eg visa fram ei gåve eg fekk frå ei venninne. Ei SYPIKE, noko som er eit nytt bekjentskap for meg. Flott nålepute på toppen og feste til å skru fast på eit bord. Tenker a denne skal bli flott feste for både brikkevevinga og sokkebandknyttinga som eg held på med.

Tusen takk for rosande ord på bloggen, kjekt med ei tilbakemelding. Takk til deg som kikkar innom uten å leggja igjen noko, du er like verdsatt du og! 

Ønskjer alle ein fin handarbeidsmånad i november. Rart å tenkja på at det går raskt mot jul og advent. Eit år går så fort!