No lengtar eg etter vår og varmare tider. Eit vær som gjer at det er råd for meg å være litt ute og. Ein lett marineinspirert sommergenser kan vera kledeleg då. I mine tøler hadde eg ein rest marineblå silkeuld frå Henrichsens uldspinneri i Skive, Danmark og to hesper Silkeull frå nøstebarn. Å strikke frå halsen og nedover er alltid kjekt når garnet er begrensa, men må tilstå eg kjøpte 50 gr meir med ubleika garn.
Mønster fann eg på Ravelry, designeren Åsa Tricosa har ein framgangsmåte på å strikke "isett arm" uten å kutte tråden. Ho har mange fine design, så kanskje det kan bli fleire mønster herifrå med tida. På bildene såg dette flott ut og mønster til Stripes Ahoy! vart kjøpt. Å strikke etter engelsk oppskrift går no lett. Øving var det som skulle til.
Slik vart min genser. Eit lett plagg som berre veg 250 gr.
Og skuldertilpassinga er super. Den har ei god passform både på skulder, arm og bol.
Så då er det berre å vente på varmare tider! Ute ligg det tjukt med rim og dei truer med snø og slaps og!
Tusen takk til alle dåke som såg innom den førre bloggen min.
Det sette eg stor pris på!