tirsdag 20. februar 2018

Stripes Ahoy!

No lengtar eg etter vår og varmare tider. Eit vær som gjer at det er råd for meg å være litt ute og. Ein lett marineinspirert sommergenser kan vera kledeleg då. I mine tøler hadde eg ein rest marineblå silkeuld frå Henrichsens uldspinneri i Skive, Danmark og to hesper Silkeull frå nøstebarn. Å strikke frå halsen og nedover er alltid kjekt når garnet er begrensa, men må tilstå eg kjøpte 50 gr meir med ubleika garn. 

Mønster fann eg på Ravelry, designeren Åsa Tricosa har ein framgangsmåte på å strikke "isett arm" uten å kutte tråden. Ho har mange fine design, så kanskje det kan bli fleire mønster herifrå med tida. På bildene såg dette flott ut og mønster til Stripes Ahoy! vart kjøpt. Å strikke etter engelsk oppskrift går no lett. Øving var det som skulle til.
Slik vart min genser. Eit lett plagg som berre veg 250 gr.
Og skuldertilpassinga er super. Den har ei god passform både på skulder, arm og bol.
Så då er det berre å vente på varmare tider! Ute ligg det tjukt med rim og dei truer med snø og slaps og! 

Tusen takk til alle dåke som såg innom den førre bloggen min. 
Det sette eg stor pris på!

8 kommentarer:

  1. Knallfin genser, striper er lekkert og du har brukt flotte fargar! Fellinga for armane ser spennande ut, må kanskje kikka litt på mønster ;-) Heldigvis er ikkje engelske mønstre eit problem lengre, øving gjer meister ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

      Slett
    2. Tusen takk, Wenche! Kan absolutt anbefale å strikke etter dette mønsteret. Einaste endringa eg gjorde var å strikke skulderen nokre få masker breiare møt halsen, synest halsen såg litt brei ut.
      Trur ikkje eg har strikka ein genser til meg sjølv som har vore så nett over skuldrene 😉

      Slett
  2. Ahoy... våren kommer snart :-)) Jeg liker din strippegenser.
    Det gjør ferie lengsel. Selv om jeg ikke kan klage, er jeg nettopp tilbake fra nord.
    God helg. Hilsen fra Viola

    SvarSlett
  3. Så nydelig jumper du har laget - akkurat en sånn er jeg på jakt etter, mønsteret ja :) tusen takk for tips, og når det gjelder engelsken - hmm, står jeg fast så vet jeg hvor jeg kan spørre ;) denne ser kjempegod ut! Og raglan er definitivt blitt en favoritt her. Ha en fin dag og god helg

    SvarSlett
  4. Nydelig genser og fargene du har valg var lekre.
    Takk for tips, denne ligger nå i mine favoritter :)

    SvarSlett
  5. Kjempefin genser, striper er så gøy, nettopp strikket en til prinsessa mi... Ha en fin uke hos deg!

    SvarSlett