Med 4 barnebarn som alle har bunad og foreldra deira som og kan ikle seg festantrekket er det litt å putle med. Det vil seie at datter vår vaskar og steller skjortene sjølv, resten er det vel stort sett eg som syter for er klart. Og det som då må sjekkast er om skjørt skal flyttast på vesten og om buksene passar eller må leggast ned? Er skjortene lange nok på armane? Er det noko som må lagast nytt? Må sonen vår pusse sølvknappane sjølv, alle 54?
Eg er så heldig å ha ting som går i arv og som både eg har brukt og som datter og sonen vår brukte som barn, så ikkje alt er nytt til barnebarna. Stas å veta at det som dei fleste brukar er sydd av mamma eller meg. Berre svigersonen måtte kjøpe bukse, vest og jakke på Husfliden. Sunnmørsbunaden var det ikkje kurs i her på Os. For dei andre bunadane er Os-bunader alle.
I år laga eg belte til tulla vår på 2 år. Dette er ein kopi av beltet eg har arva etter m farmor då eg var jente. Synest det er litt kjekt at dei to jentene våre har like belter. Beltet er sydd på stramei i halve korssting og med ei perle i kvart sting.
Barnebarnet på 9 hadde vakse ut av sokkane sine, så då måtte det strikkast nye. Heldigvis har Rauma laga til eit hefte med bunadssokkar og der var det oppskrift til barnestrømper og. Stas å få like sokkar som onkel har til sin bunad.
Nokre skrytebilder må eg og ha med. Her er dei fire barnebarna klar til å gå i tog etter å ha ete frukost hos oss. Alltid kjekt å starte dagen saman, 4 generasjoner som trives i lag, det gir gode minner for liten og stor.
Her har barnebarna fått med seg foreldra. Er det rart eg synest eg er heldig og har ein flott familie som att på til bur så nære at vi kan vera saman ganske så ofte?