søndag 31. august 2014

Herregenser i Kauni og Ask

Mannen i huset har lenge ønska seg ein genser med glidelås i halsen, genseren skulle ikkje vera så tjukk. Dette er vel eit prosjekt som eg har utsett ei stund, det er så mykje som skal strikkast, mange små og store prosjekt.

Å pakka garn og pinnar til årets ferie gjekk litt fort og vart litt dårleg planlagd, kom liksom litt bak i køen. Men med i bilen kom 2 buntar Kauni med litt grå og blå Ask - Hifa 2 som passa til, tenkte dette skulle bli genser til mannen. Eit hefte frå Sandnes låg i tølene og skulle liksom vera til hjelp. No hadde eg nemleg bestemt meg for korleis genseren skulle bli, og at eg skulle bruke noko av garnet som alt var innkjøpt. Dvs eg kjøpte vel det lys grå Ask ein gong vi var i Hillesvågen med tanke på denne genseren.

Og her er genseren, ferdig montert og klar til bruk! Ikkje akkurat det kjekkaste eg veit å montere inn glidelås i strikkaplagg, men er bestilinga på slik genser er det berre å utføre arbeidet. Genseren er strikka uten oppskrift. Heftet vart heilt utan nytte, ein kopi av 8-bladsroser frå boka Fanatrøyer var heldigvis med og var til hjelp når mønsteret skulle strikkast. Eg har rekna ut og målt, tenkt og fundert, strikka og ja..... tatt opp litt og..... men er rimeleg fornøgd. Det er heldigvis han som skal bruka genseren og.

Sjølvsagt er det rom for forbetringar om eg skulle strikke ein slik genser til, men dei vil eg ikkje seie så mykje om. Likevel er eg glad for at eg sjølv bestemmer over strikketøyet, for at mønsteret skulle stemme i raglanfellingane måtte eg forskyve fellingane eit par masker inn på bolen. Heldigvis viser ikkje det når genseren er i bruk. Det var og ønske om at halsen skulle vera litt høg og bøå på innsida. Eg synest ein lys hals ville vera finast. Løysinga her vart å bytte tråd litt før halve halsen var strikka, slik fekk eg ein blå kant øverst.

Synest det krev litt å få ei fin glidelåsløysing. Her er min måte å gjera dette på, i alle fall denne gongen. Eg har sett at det vert montert i strikk utan å sy med maskin før klipping. For meg verkar det utrygt og eg syr mine to saumar med små sting og så 3-stings zikkzakk før klipping. Det er ikkje sjølve syinga som er terskelen for å kome i gang, derimot tanken på å setja seg til maskina. Skal liksom berre.... før.

Elles vil eg ønskja alle ei fin veke med dette bilde frå Otternes. Sist helg var vi i Flåm saman med gode vener. Vi besøkte då denne staden som er ei perle vel verdt eit besøk. Mykje å sjå, kaffistund med herlege sveler hadde vi og. Stopp der neste gong du kjører mellom Aurland og Flåm!

torsdag 21. august 2014

Vottar etter dårleg mønster!

Eg heng framleis litt igjen i ferien, eg. Garnpakkinga gjekk litt fort for seg, men eg hadde med litt garn som eg hadde tenkt å strikke vottar av. Eit mønsterhefte tok eg og med, synest vottane i heftet såg fine ut! Skulle bruke heftet til noko anna og, så då skulle det bli litt mindre å dra på.
Men etter å starta på dei første vottane angra eg sterkt på at eg ikkje hadde tatt med andre vottemønstre og! For dette var ikkje mønster av ein slik kvalitet som eg pleier bruke. Utydeleg kor dei tenkte tommelen skulle vera. Dette var ikkje avmerka på rutemønsteret. Teksten sa" når du er ferdig å auke til tommel". Det var for kort! så eg måtte strikke nokre omgangar til. Det var heller ikkje sagt noko om kva mønster som skulle vera på innsida av tommelen. Heldigvis er eg ein rutinert vottestrikkar, så vottane vart ikkje så verst når dei vart ferdig.
Desse vottane skal vera til ein nabo som ser litt etter eigedomen når vi fer å fartar i mange veker. Dei er strikka i Embla - Hifa 3 frå Hillesvåg på p 3,5 mm. Eg la opp til damestørrelse og det vart ein medium herrestørrelse. Mønsteret heiter Hakadal
Desse barnevottane er og strikka etter eit mønster i same heftet. Størrelsen var oppgitt som barn - uten nærare informasjon. Dei skulle strikkast på p 3 i Sisu. Eg har strikka desse på p 3 og Hjerte superwashgarn frå Hillesvåg. Størrelsen er vel ca 4 år. Litt tullete at det ikkje er meir nøyaktig informasjon i eit mønster. Det er jo tross alt stor skilnad på hendene til ein 2 åring og ei på 10 år? Avstanden frå brotet til tommel var og kort på desse, så eg måtte strikke nokre ekstra omg der.
Alonger er kjekt, og "Styrbord og babord" var ein kjekk along der vi strikka flotte maritime strikkelabbar. Bakdelen var at eg kjøpte inn 4 nøster sisu, og hadde ganske mykje garn igjen. Denne posen putta eg opp i strikkekorga. No er eg kvitt det garnet og i staden har eg eit par grøne barnelabbar og eit par damelabbar str 37. Tilsaman veg dei 108 gr og garnrestane var redusert til ca 2,5 meter som gjekk i bosset.

I dag er det torsdag og snart helg igjen. Ønskjer dåke so ser innom ei riktig god helg!


søndag 17. august 2014

Klutar - lett sommarstrikk!

Ei av dillene som går på Facebook er klutedilla, og den traff så absolutt meg og. Mykje av ansvaret for det har nok Bitta Mikkelborg som raust deler ut gratismønster i gruppa si 
"Bittamis Design for strikkelystne".
Når det skulle pakkast ned garn og mønster for årets ferie så vart nokre av hennar mønster og ein del bommulsgarn med. Det var både nye buntar og gamle restar, nok til ein del klutar, ja meir enn eg fekk tid til å strikke opp på sommarens bubiltur.

Eit av mine favorittmønster er BIRD CHERRY - HEGG. Det mønsteret har eg strikka før og kjem til å strikka det igjen. Synest dei klutane er gode både i Tuva, Mandarin Petit OG Timeless Cotton 8/4. Strukturen i midtpartiet gir ein litt fyldig klut med fin struktur og dei falske flettene pyntar fint opp.
THE GRAND FINALE er og eit fint mønster. Her hadde eg eit svart nøste Tuva som vart brukt til denne kluten. På bilde ser den grå ut, men de får bildekvaliteten ta skulda for.Er litt spent på om den fargar av i starten, veit at dei vert gode i bruk etter ei stund.
Eit anna mønster som er fint, er SYMRE. Her har eg strikka 2 vaskeklutar som kanskje kan verta ei gåve ein gong. Den bleikgrøne er strikka i Timeless frå Stoff&Stil  den mørkeblå i ein gamal rest , kanskje Solberggarn?
HJERTEBARN har lenge vore på planen, den fekk eg og strikka ein av. Litt lat når det gjeld trådfesting, i alle fall når det skal vera like fint på begge sider. Stripene vart derfor erstatta av riller.
Til slutt vart det ein klut som eg har strikka monge gonger - uten mønster.
Alt i alt vart det ei samling klutar som no ligg på vent til å bli brukt av meg eller nokon annan. Fine som ei lita gåve eller som gevinst saman med ei luksussåpe eller fin oppvaskkost. Berre tida vil vise kva dei vil bli brukt til, men ein pause frå klutestrikkinga vert det no. 
Mange planar ventar på å verta sett ut i livet, og litt etter kvart kjem dei kanskje her på bloggen min og. Blogginga mi går litt i bølgjer, men eg har eit ønskje om å bli litt flittigare på det området og. Så tusen takk til deg som ser innom her, eg ønskjer deg ein fin søndag!

fredag 15. august 2014

Kniplingar i Brugge

For oss er ferie å vera på tur med bobilen, og ein slik lang og god ferie har vi hatt i år og. Eit av stoppa vi gjorde var Brugge i Belgia. Brugge er ein turistby av det populære slaget, og her gjekk vi mykje i kø og det krydde av folk over alt. Til tross for dette er det ein sjarmerande gamal by med kanalar, brusteinsgater og gamle bygningar. Sightseeing på kanalane vart det ikkje på oss, har ikkje tolmod til å stå så lenge i kø for å komme om bord i ein båt
Det som i større grad fasinerte meg var alle butikkane som selde kniplingar. Her var det alt frå store kaffidukar til små julefigurar. Ekte kniplingar og maskinlaga i skjønn forening. Trur nesten ein må kunne litt om kniplingar for å gjera eit godt kjøp? Dessuten var det vanskeleg å velja kor ein skulle gå inn. Her kan de sjå litt frå ei vindusutstilling
I reisehandboka vi hadde stod det at om vi var heldige kunne vi treffe på eldre damer som sat i døropninga og demonstrerte korleis slå kniplingar. Og ei slik kniplerske var vi heldige å treffe på. Fingrane gjekk som trommestikker samstundes som ho snakka om kniplingar. Dessverre forstod eg ikkje så mykje kva ho sa. Fekk ta eit bilde av ho etter å ha spurt og la ein euro i skåla som stod på knipleputa. 
Så oppdagar eg at det ligg nokre små kniplearbeider ved sida av henne på ein liten komode. På spørsmål fortel ho at dei er for sal. Flotte bokmerker og nydelige små brikker. Der finn eg brikka eg vil kjøpe. Ei lita rund brikke laga i tynn tråd. 10 euro - eller 85 kr - betalte eg for den. Dette vert nok ein suvenir eg vil ha ekstra glede av på grunn av opplevinga rundt kjøpet!
I Brugge såg eg og min drøymesykkel. Den skulle vi hatt med i bubilen, Samanleggbar tandem med elektrisk motor. Tenk å kunne sitja bak å "leiketrø" medan mannen sit framme og trør og brukar den elektriske motoren til hjelp. Det kunne blitt ein avslappande tur det!

Eg håper at alle de som ser innom bloggen har hatt ein flott sommar og så ønskjer eg at vi går ein fin haust i møte!

torsdag 26. juni 2014

Litt rydding i garnlageret

Beste måten å rydde i garnlageret er for meg å strikke opp nøster som har lagt ei stund. No har eg fått brukt garn som eg har hatt planar for, men som likevel har blitt liggande. Eg ,må tilstå eg har strikka meir enn eg har blogga, så dette vert nok eit lite oppsamlingsheat før ferien. Ikkje alt rekk å bli tatt bilde av, noko forsvinn og raskt ut gjennom dørene.  Men under er no ein god del av det eg har laga avbilda.
Tidlegare i vår strikka eg ei lita barnekåpe med fletter til barnebarnet vårt. Denne vart godt motteke i tillegg var ho også veldig kjekk å strikka. Eg oppdaga at eg skulle ha akkurat nok tråd til ei lita kåpe til, og då vart det ei barselsgåve til ei etterlengta og kjærkomen lita jente. Ho må nok venta littt med å ta kåpa i bruk, men slike jenter veks fort.
Så strikka eg ein genser str 9 år i eit blandingsgarn av mohair og dralon. Garnet fann eg i ei korg i Livigno i Italia for to år sidan, på salg og kjempebillig. Den gang strikka eg ei hettejakke til barnebarnet, men garnet var drygt og det var ein del att. Desse 5 nøsta er no blitt ein rillegenser som skal vera gevinst på basaren til Os Husflidslag til hausten.
Nokre små restar er blitt til ei hue og ein liten hatt til yngste barnebarnet. Sjølv om det er sommar kan det vera godt å beskytte hovudet litt mot sol og vind. Denne stripete hua er restar etter gensarar med rundfelling som eg strikka til jentene i vinter.
Denne vesle hatten hekla eg av bomullsgarn frå Hillesvåg. Luxor har kabeltvinn og veldig finn glans. Kan vera passe tjukk ein "blåsbortdag" som Ole Brumm seier.
2 nøster med Malsens Tweed berre venta på å bli forvandla til vottar, Mønsteret er Bittas Mittens, eit design av Bitta Mikkelborg og Margot Viste. Mønsteret har eg strikka ein gong før, og det har fantastisk god passform. Skal nok verta ei gåve ein gong i framtida. Eller kanskje det vert ein gevinst dette og?
3 nøster Gjestal sport bommullsgarn kom i pakke i posten i fjor. Eg starta på ein liten babykjole, men fann ut den vart litt hard til gullet vårt. No er desse nøsta vorte klutar etter Bittami sine mønster, må veta. Bittami kjem med flotte mønster i klutealongen ho lagar til for oss. Nesten så  fine er desse klutane at dei ikkje kan brukast i oppvasken.
Elles har eg strikka nokre labbar igjen. Ein 100-grams bunt Meilenweit Merino frå Lana Grossa er vorten til to par labbar. Dei vaksne er Merediths Vår frå boka til Bitta Mikkelborg
Det andre paret vart eit par barnelabbar strikka av resten. Det er blitt mykje lettare å strikke opp restane etter at eg gjekk over til å strikke labbane på Magic Loop.
Til slutt vil eg vise fram pakken som kom i posten for ei kort stund sida. Wenche D hadde ein liten konkurranse der vi skulle gitte på kva ho hadde på pinnane. Og eg vart den heldige vinnaren. Og det kan eg fortelja, den dama skriv like nydelig som ho strikkar. Pakken inneheld både garn og litt strikkeutstyrsgodis. Dette er alt pakka i feriestrikkeveska mi. Kva det blir får det kanskje sjå etter kvart.

Nederst på sida vil eg nytta høvet til å ønskja alle ein riktig sommar og ferietid! Håper på godt ver og hyggelige aktivitetar for dåke alle!


tirsdag 3. juni 2014

Garngåve + rest = barnejakke

Var så heldig å få ei hespe garn i gåve seinvinters, eit deilig superwash merinogarn i lekre fargar. Merket var "Sticky peas"  og fargen heiter Dragon Flies. Garnet var kjøpt i "junaiten", så eg synest eg måtte bruke det til noko ekstra fint. Hespa vog 224 gram, så her var litt å spela seg med. 

Som bestemor er det ekstra kjekt å strikka til dei minste, slik vart det denne gangen og. Eg la opp masker i halsen og starta auke som til raglan, undervegs ville eg sjå kor drygt garnet var i bruk. Godt i gang fann eg ut at det kunne verta ei lita jakke. Så når eg kom ned under armane, strikka eg armane ferdig først, så bolen.
Jakka vart litt kort, så då kom ein rest Cascade 220 superwash til nytte. Strikka på ein liten blondekant nede og rillekantar rundt framme og i halsen.

Synes å auke med kast, slik at det vert holrad langs raglanaukinga gir ein fin effekt på jenteplagg. Vert litt feminint då, og saman med hemper sydd med knappholsting vert det ei fin avslutning og lukking på jakka. 

Slik vart jakka sjåande ut. Eg synest det er litt artig å strikke utan mønster. Tenkjer mange gonger at eg skal skrive ned kva eg gjer, men det vert med tanken. Så det vert berre ei slik jakke trur eg. Jakka veg 258 gr og er i str ca 2 år. 

Tusen takk til alle som ser innom bloggen min, eg ønskjer dåke ein fin dag. Det vert nok meir sporadisk blogging no når det er sommar og fint ver. Seier det slik sjølv om det alltid går litt i bølgjer med meg og blogginga!

tirsdag 13. mai 2014

Labbegarn og labbestrikk

Når vi er ute å køyrer bubil er det greit med eit strikketøy. I alle fall for meg som er sidemann, og kan ha hendene fri til å gjera det eg vil. Då vi drog på to vekes påsketur var det i hovudsak labbestrikk som stod på planen. Det er lett på nevane og passeleg utfordrande når ein og skal følgja med kva som skjer rundt ein. Dessuten er det alltid greit å ha nokre par på lur til gåver. 
Denne boka til Bitta Mikkelborg er eg vorten svært glad i, den vart derfor med som mønstersamling. Passande pinnar i ulike størrelser vart og med i strikkeveska. Men før eg kunne starta labbestrikkinga, strikka eg ferdig ei lita kåpe. Den får dåke sjå i ein annan blogg, for eg er innimellom litt treg med monteringa.
Første paret med labbar starta eg med etter at eg hadde fått handla garn på, sjå bloggen salg hos Wollmeise. Det var vanskeleg å velja mønster og garn. Men eg hamna på dette mønsteret, "Ginas sokker". Garnet er Wollmeise Twin, 80% merino og 20% polyamid. Brukte pinne nr 2,5 mm. Vel ferdig medd det paret fann eg ut at det var sikkert nok garn til eit par til av dette garnet. Ein bunt er 150 gr, så eg gjekk på med friskt mot.
Valget denne gangen vart "Røff og tøff", framleis strikka på pinne 2,5 mm. På slutten strikka eg for harde livet. Det minka litt fortare på garnet enn eg hadde tenkt, av og til føler eg at garnet rekk litt lenger om eg strikkar fort. Men litt knapt vart det i fellinga likevel, labbane vart difor maska saman på tåa halvvegs ute i fellinga. Kunne kanskje rekt opp og strikka dei nokre få omgangar kortare, men eg er no litt tverr på tåa eg og.
Det neste garnet som måte prøvast var eit fleirfarga meisegarn av typen Twin det og. Mønsteret denne gangen vart og "Røff og tøff". Men dei vert jo litt forskjellig med så ulik innfarging av garnet. Synes dei sterke og klare fargane på meisegarnet er fantastiske, er jo litt spent på slitestyrken på dette labbegarnet.
No var vi komen så langt ut i ferien at handel i Flensburg står for tur. Her er det eit par butikkar som sel labbegarn av merket Lana Grossa. Det er polyamidforsterka garn av ull eller merino, 4 eller 6 lagt og med svært mange fargesjateringar. Den eine butikken har strikka opp prøver av det fleirfarga garnet, det gjer det lettare å velja garn ein likar. Som det ser fekk eg med meg nokre nøster av favorittlabbegarnet mitt denne gangen og. Eit par heklenåler og nokre knappar vart ogmed i posen.
Eit nytt garn var då komen i mine hender og måtte prøvast, Lana Grossa sit Meilenweit, 6 lagt. Dett er eit litt tjukkare garn som kan strikkast på pinne 3,5 mm. Mønsteret eg valde skulle vera "Fergemannen" Strikka brotet og byrjinga av mønsteret på ferga mellom Hirtshals og Kristiansand. Såg godt på mønsteret før eg gjekk opp i salongen, men huska feil. Dei vrange maskene mellom flettingae gjekk i gløymeboka. Skulle nok ikkje vore så lat, men tatt boka med opp.
Ei oppsummering av feriens labbestrikk.
Til slutt eit bilde av ei vindusutstilling hos ein garnbutikk i München. Var inne i butikken og såg, men kjøpte ikkje noko her. Vil likevel dela dette bilde, utstillinga kjem ikkje heilt til sin rett pga av gjennskin i vindauge.

Ønskjer dåke alle ein fin dag!

mandag 12. mai 2014

Mai er bunadsmånaden.

Sist veke vart det ikkje strikka mange masker her i huset, enda kor det klør i fingrane etter å ta strikkepinnane fast. Nei den veke gjekk med til å sy ferdig bunaden til barnebarnet på 8  år. Eg spurde fleire gonger om han ville ha bunad, og det ville han. Eg likar ikkje å gå i gang med slikt storarbeid om ikkje stasplagget vil verta brukt.

Prosjektet vart starta i haust, då eg gjekk på kurs i bunadsmontering i Os Husflidslag. Med god instruksjon gjekk eg i gang med å sy ny bunadsvest og bukse til guten. Den han hadde brukt, gjekk no i arv til broren på 3,5 år. Og dette skulle vera ein bunad som er heilt lik den dei vaksne brukar, ikkje noko forenkla variant nei! Det vil seie at eg ikkje syr jakke, men resten er greit.

Så lenge ein går på kurs går det stort sett greit, både med eggebånd, mellomfòr, passepoilerte lommer og hestehårsduk. Slike kurs er også svært sosiale, det er kjekt å verta kjent med nye folk. Auka kunnskap om bunadane i bygda får ein og, så eg stortrives når dette står på.

Men det er eit men og. Eg vart ikkje heilt ferdig. Bunaden mangla knapphol, knappar og siste "finishen", og det er den eg sat med i førre veke. Det er aldri eit godt teikn når det freistar meir å ta støvsugaren fatt enn å setja seg ned med handarbeidet. For det er handsydde knapphol det er snakk om, 36 stykker i talet. Mange av dei har til og med regels i ein kontrastfarge, men skal det vera  - ja så skal det vera !!!!
Her ser de detaljbilde av knapphola og knappane ved kne. Grøne knapphol med raud regels. 4 på kvar for, det nederste er bretta opp slik at det er litt å veksa i. Godt å veta at når buksa skal leggjast ned så er det berre å spretta falden, og dampa. Buksa er nemleg falda 2 gonger alt.
Vesten er raud med grønt midtstykke. Det skal illudere at det er 2 vestar, ein raud og ein grøn, slik dei brukar i Fana. Knappar og knapphol er det på begge deler. Klokkelomma har ein grøn rolourkant rundt lommeklaffen. Bortsett frå oppe på buksa er alle knapphol sydd i kontrastfarge til stoffet, det krev ekstra nøyaktigheit,
Kragen har grøne spissar og grøn rolourkant, dei nøyaktige stikkningane frå spiss til spiss kan heldigvis syast på maskin. Ryggen er fiskebeinsvevd kraftig ubleika bomullstoff.

Buksa er det vi kallar ei "lokabrok", utan gylf men med klaff som vert knappa opp med 5 knappar. Under klaffen er det 2 passepoilete lommer, det treng ein gut for å sikre at "ispengane" er trygge 17. mai.

Slik ser vest og bukse ut på gute/herrebunad frå Os i Hordaland. Bunaden er av dei som kom til rundt 1900 og har mange fellestrekk med andre herrebunader på desse trakter. Eigentleg burde dåke fått sett bunaden på. For skjorta er og ferdig, sokkar og sokkeband har han frå før, så alt er klart. Kanskje eg kan lure meg til eit bilde på 17. mai.

Tusen takk til alle dei som er så kjekke å les bloggen min, no skal eg kose meg med strikketøy og ein kopp te. Ønskjer dåke ein fin dag!

søndag 4. mai 2014

Garnsalg hos WOLLMEISE

På gamle trådsnella vart eg introdusert for omgrepet "meisemamma"? Kva det var gjekk ikkje opp for meg med ein gong, men så fann eg nettadressa til denne nettbutikken Wollmeise. Og for eit fargespekter som møtte meg, og eg er glad i dei klare og sterke fargane. Garn til 2 tunikaer ( + litt ekstra) har eg kjøpt på nett frå dei, like fornøyd kvar gong.

Via FB-sida deira fekk eg veta at dei skulle ha salg i påskeveka, garn med litt feil fargesjateringar til redusert pris! For dei fargar garnet dei sel sjølv, og dei stiller store krav til det produktet dei skal levera. Starta umiddelbart å drøyma om å få nå dette salget, tenk kva eg då kunne kjøpa utan frakt og toll?

Påskeferien i år har vore utvida med ei veke, og den skulle vi nytta til å reisa med bubilen sørover Tyskland, og München og Bodensjøen var nokre av måla våre. Og Pfaffenhofen låg då på ruta, i alle fall ikkje langt unna. Eg vil ikkje sei eg "bad på mine kner" men eg la nok inn eit ganske sterkt ønske om at dette var viktig for meg!

Tysdag i påskeveka kom vi fram til menighetshuset dei hadde leigd til salet. Her var det slett ikkje godt å få parkere ein stor bobil, smale trange gater i ein liten landsby? Med feilparkert bil bak presten sin bil sette mannen seg til å venta på meg. Uten kommentar om at dette var vanskeleg, eg var nok mykje meir bekymra enn han over denne parkeringa?
Inne vart eg møtta av mange hyller fulle av garn i dei flottaste fargar sortert etter fargar og kvalitetar.
Å ta bilder her av hyllene utan å berre få ein masse ryggar som stod og studerte garn var ikkje lett, kvaliteten vart derfor litt "so som so". Men drøym dåke litt vekk likevel, det gjorde alle dei som var der? Og her var det masse folk, det verka som dei kom i grupper saman og at dette var ei kjærkommen utflukt saman med likesinna. Må tilstå eg følte meg litt åleine og fortapt innimellom alle hyllene, eg snakkar desverre ikkje tysk. Lærte litt på ungdomskulen for 40 år sidan - men det er gått i gløymeboka.
Likevel har eg ein stor skatt i denne posen. 5.5 kg meisegarn, fordelt på litt ulike kvalitetar. 
Her ser du haugen av meisegarn saman med litt anna garn kjøpt i Flensburg på vegen heim.

Sokkegarnet TWIN som er deilig å strikke med vart brukt alt på turen, 3 par labbar er ferdige. Ei hespe på 150 gr rakk til 2 par damelabbar. Brukar pinne 2,5 til dette garnet.

Av PURE som er eit reint merinogarn skal det bli jakker og gensarar. Har ein plan for det meste av garnet og litt som kan nyttast i kombinasjon om det vert at restar. Dei vart nok plukka ut frå fargespekteret i dei har. Her er det mykje garn, 150 gr i kvar hespe . Pinne 2,5 og 3

I DK, som kan strikkast på pinne 4 kjøpte eg til 2 jakker, ei til meg sjølv og ei til datter vår. Synes du det er få hesper, kan eg sei at det er 200 gr i kvar, så det er meir garn her enn det ser ut som.

Trur dei fleste som er garnavhengig forstår at dette var eit vellukka besøk? På grunn av parkeringa fekk eg nok ikkje ro på meg til å nyta besøket slik eg burde, men eg vart litt overraska når manne utbraut "er du alt ferdig, eg tenkte eg skulle sjå på noko meir eg." Kan nok bli garnsalg fleire gonger på meg. Det vil seie eg handla no litt meir garn på turen og, det får koma i ein seinare blogg.