mandag 15. april 2013

Babysett til ein prins!

Ja, for også prinsar skal ha fine strikkesett i gåve. Og denne gongen er det vore gode vener og naboar som skal verta besteforeldre igjen. Etter å ha fått fem friske og raske jenter er det denne gongen ein gut i vente! Stor stas denne gongen og, sjølvsagt!

For meg, som elskar å strikke babytøy var valget klart, det måtte bli noko blått denne gongen. Valget vart eit mønster frå Sandnesgarn og Rauma babygarn. Dette er eit godt garn å strikke i, jamnt og glatt. Eg kjem nok heilt sikkert til å strikke meir med dette babygarnet.
Så no ligg dette settet klart til å overrekkast når prinsen vert fødd om kanskje eit par veker!

søndag 14. april 2013

Selbu-vottar

På vevgruppa på torsdag fekk eg vist eit vottemønster dei meinte det var feil på. Då kjem inspirasjonen til meg, for eg synest mønsteret såg heilt OK ut. Det er då berre ein ting å gjera, pakke garn, pinnar og mønster i strikkeveska som skal med på bubiltur i helga.

Garnet eg hadde som kunne eigne seg var Embla, 3-lagt garn frå Hillesvåg. Dette vert tette og gode vottar i bruk. Kanskje ikkje tå dei mest slitesterke, men det får våge seg!
Fargane vart sauesvart og raudt. Dette forrådet i skapet kan eg nemleg tenke meg å redusere litt på. Strikkinga gjekk lett, kunne ikkje finna noko feil eg. Vottar og mønster må nok med på neste vevgruppe for å finna ut kva vi har oppfatta forskjellig. For her kan det vera fleire løysingar, eg kan lese mønsteret med harelabb og strikke på gamal rutine. Eller kanskje det ligg ei dårleg forklaring bak? Samde pleier vi alltid å verta og det vert vi nok no og.



Størrelsen på vottane vart ein medium herrestørrelse, mønsteret tilsa dei skulle passe ei dame. Men ulikt garn gir gjerne slike overraskingarEg har også klart å slå to fluger i ein smekk, for eg var komen litt på etterskudd i Projo sin vottealong. Oppgåva i mars var å strikke vottar med åttebladroser, og no er dei ferdige og komen i albumet. Men april har eg igjen..... men dei må nok vente litt.

mandag 8. april 2013

Nytt sidan sist

Det er lenge sidan sist eg skreiv ein blogg. Ikkje fordi eg ikkje har strikka men fordi det har skjedd så mykje anna her hos oss. Vi har hatt ein flott påskeferie på hytta vår medd besøk av datter med familie. Det store målet til barnebarna var å gå påskerennet i hyttefeltet med medalje og snopepose til alle. Til og med minstemann på 2 år, som snudde etter eit lite stykke, fekk premie. Og med det været vi fekk, vart det ei flott påske. Her ser de Hardangerjøkulen bada i sol, og slik såg vi han kvar dag heile påska.

Men det største som hende i påsken er nok at barnebarnet vi venta på kom til verda. Ei fortryllande lita jente, og alt står bra til med foreldre og barn. Det var stort å sjå ho på KK 1. påskedag, for turen heim gjekk om sjukehuset. No er ho komen heim og eg kan besøke dei fleire gonger i veka. Kjekt å ha henne så nær at eg kan få følgje utviklinga hennar. Godt å kunne kose med henne, skal verta bestemor si godjente ho og.

På strikkefronten har eg klart å gjera ferdig genseren min strikka i meisegarn i fargen lavendel. Dessverre klarer eg ikkje eg å vise fargen på bilda. Fargen er som ein lavendelåker bada i sol, slik eg opplever det i Provence, på bilda ser den meir blå ut.
Mønsteret har eg henta frå Alt om Håndarbeide nr 21. Litt tilpasning måtte eg gjera. Rundfellinga vart for kort, så då var det å rekkja opp og strikka eit stykke glattstrikk før eg strikka fellinga. Er litt spent på korleis tråden veil vera i bruk. Alltid litt spent på det når eg strikkar store plagg i tråd eg ikkje har prøvd før. Under ser du fellingane, 8 slike holrader danna rundfellinga, genseren vart fin i størrelsen og er alt tatt i bruk.
I påsken strikka eg og ei hue til eldste barnebarnet. Ho ønska seg ei lilla hue som skulle passe til boblejakken. Heldigvis hadde eg pakka eit nøste lys lilla sockegarn i strikkesekken, ja for eg hadde ein eigen sekk med handarbeidsutstyr. Har jo litt panikk for å verta arbeidslaus når eg skal vera vekke 10 dagar, heheh...
Jenta vart superfornøyd med hua, ser ho brukar den på skulen. Ja for enno er det så kaldt her at det er godt å ha ei hue på øyrene.......... men må tilstå eg lengtar etter vår og meir varme no!
Som terrassestrikk fekk eg gjort ferdig eit par labbar. Likar å strikke når eg sitt i sola, det sjølv om gradestokken kryp under 0 grader. Dei nye karbonz-pinnane var supre då. Kunne kjenna stor forskjell frå det svarte partiet og til metallspissane i kor kalde dei var. Når reklamen slår fast at desse pinnane skulle vera varme å strikka med, må eg tilstå eg rynka litt på nasa. No er eg mykje meir imponert, ja!!! Labbane er strikka i Opal, eit sokkegarn eg likar godt, både på pinnane og i bruk.
No ventar fletting av sokkeband, babystrikk og alongstrikking på meg. Skulle nok gjerne fått utvida timetalet i døgnet eller redusert trongen for søvn! Men får vel gjera det eg rekk!