søndag 27. oktober 2013

Ein draum er realisert!

I mange år har eg drøymd om å kjøpe meg ei ny symaskin, ein overlock. Har høyrt andre skryta over si maskin og vorte nesten, men berre nesten, misunnelig. Ikkje det at eg syr så mykje, men planane er der. Har sydd mykje før i tida, men no er det helst litt bunader når barnebarna treng fornyast.
Men no er draumen komen i hus, eg klarte ikkje venta lenger. Turen gjekk til Tonje brodering på Hatlestad både ein og to gonger, eg hadde litt vanskeleg for å bestemme meg.  Eg trur eg kjem til å verta superfornøyd med valet mitt.

Overlocken er ikkje av dei mest avanserte eller av dei dyraste, men den kjem heilt sikkert til å dekke mine behov. For eg må tilstå at eg er flinkare til å leggja planar for kva eg vil sy enn å gjennomføre dei. Håpet er at dette skal snu no. Kanskje nokre av dei stoffa eg har kan verta brukande plagg i staden for skapfyll?

Må tilstå det er litt kjekkare å sy når vranga får eit meir profesjonelt utsjåande med reine fine saumar utan frynser. Utsida har alltid vorte bra, men å klippe frynser og sikksakke er ikkje blant favoritoperasjonane.

På arbeidsbordet låg det ein halvferdig kjole, der hadde den lagt sidan i februar. Men no har eg klart å gjera den ferdig. Og må tilstå eg er veldig fornøyd med den. Sitter bra og er behageleg på. Pynta den opp med litt store knappar for å feste lommene til kjolen i staden for ein stikning. Og fargen, ja den vart jo sjølvsagt lilla.

lørdag 26. oktober 2013

Superlett genser til meg sjølv

Eg kjøpte strikkegarn i Stockholm i fjor haust som skulle verta noko til meg sjølv. Garnet heiter BC Alpaca Flamè og består av 59 % alpaca, 19% ull, 15% acryl og 7 % polyamid.

Garnet er eit effektgarn med varierande tjukkleik og tvinn. Dette gir eit litt ujamnt strikk,
ser nesten ut som mønsterstrikk.

300 gram skulle vera rikeleg til eit plagg til meg. Dette synest eg høyrde lite ut,
så eg valde å starta ved halsen, strikke raglanarmar og så bolen til slutt. 
Ønske var å få ein "oversized" tunikagensar med 3/4 lange armar, og det fekk eg.
Veg berre 215 gram og då er den stor og god.

Har også vaska genseren, som alt er brukt mange gonger. Synes at den vart heller større
enn mindre i vask. Så no vaskar eg den på ullvask og 30 gr i maskina.
Genseren er lun og god i bruk, litt gjennomsiktig så eg må nok ha ein topp under.

Har også strikka eit par labbar til eit barnebarn, han fekk sjølv velge garn frå "lageret" mitt.
 Labbane er strikka i Lanagrossa Meilenweit. og veg 51 gr i skostr 35. Eit drygt og godt garn.
Fargen på bilete er ikkje heilt rett, dei er meir grå med turkise striper.

torsdag 10. oktober 2013

Kjole med mariusmønster.

Det er alt for lenge sidan eg laga ein blogg, no får eg sjå om eg ikkje kjem i gang att. Får starte med å vise kjolen eg har strikka til minste gullet vårt.
Utgangspunktet var nokre nøster med babygarn kjøpt i Flensburg i sommar. 2 nøster beige og 2 nøster ubleika babygarn. Merket var Lana Grossa "Cool Wool Baby". Garnet er godt å strikka og drøyt i bruk, Kjolen veg berre 115 gr i str 1 år. Superwash er garnet og, det gjer stellet lettare for travle småbarnsmødre.

Eg veit mammaen liker dei tradisjonelle norske mønstera, og mine tankar for då til ein eigen variant av MARIUSMØNSTERET. Utgangspunktet fann eg i denne boka:
Eg ville ikkje strikka den vanlege varianten, men laga min eigen vri. Bærestykket på denne kjolen synest eg så fint, men likar godt ein kjole utan armar. Då kan dei ofte bruka den mykje lenger. Lettare å pynta den opp eller vera kvardagsleg, alt kva dei brukar til av strømpebukser og toppar.
Valet vart då å strikka mariusmønsteret nede med det runde bærestykket oppe. Utgangspunktet tok eg i denne kjolen med setesdalsmønster men gjorde ein del endringar.
  • Felte 18 masker 3 gonger oppover mønsteret for å få eit litt utskrått
  • Strikka riller ved opplegget på armane og som avslutning  
  • Hekla tungekant nede på skjørtet for at den ikkje skulle bretta seg opp.

Vart jo fornøyd med resultatet då, må eg tilstå. Litt stor, men kan brukast også no. Var så heldig å ha prinsessa på besøk ein dag, måtte då prøva kjolen på for å sjekke størrelsen. Tilbehøret var ikkje plukka med omhu, men greit nok synest eg.

Er ho ikkje eit sjarmtroll?